onsdag 15. juli 2020

JOMFRUTUR

Mannen i huset har kjøpt skikkeleg motorsykkel
- ein YAMAHA
 - ein retteleg fin ein...og eg sat bakpå i dag, for aller første gong...
Altså; jomfrutur!

Selfie (me hadde parkert, altså ;)



Turen gjekk til FOSNAVÅG,- og MADELYNN for å ete lunsj <3 

...mmmm...nydeleg mat...


Etter ei lita runde i sentrum, køyrde me rundt GURSKØYA ,- med eit stopp på Hidsneset.
Her ser ein vide, Sandsøya (Sande kommune)til venstre og litt meir til høgre er Skorpa (i Herøy kommune), og nett i dag var det så og seie vindstille...


Eg er jammen heldig som får sitje bakpå - og berre sjå <3

I morgon skal me på ein ny tur, ein annan stad...

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar