onsdag 3. februar 2021

 Det er mest so hjarta sprengest, når eg får ta på meg skia...og berre gå...ei so stor lukke på jord <3


...og det har eg gjort nokre gongar i det siste...


Naturen gir so utruleg mykje næring til kroppen min, sjølv om både skuldre og hender verkjer...


Å stå slik og berre sjå utover, kjenne sola varme på ansiktet, og vinden stryke meg over kinna...<3


Å følge sit spor...


...kike framfor kanten...


Roffen er oftast med...


...som i dag, då løypene var litt harde...


Litt nistemat som me deler...


...og premien - etter slitet med å moke meg fram...


Perlå <3 mi <3


Eg er utruleg takknemleg for at eg likar gå på ski, og fordi det gir meg so stor glede <3

                                                                      Klem frå fruANE <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar