torsdag 11. februar 2021

PANNEBAND

 OPPSKRIFT PÅ PANNEBAND

Eg har brukt inspirasjon frå gensarar, vottar og huer - som eg har strikka tidlegare...

Eg brukar garn frå restegarnlageret...

Denne gongen Norsk Pelsull, frå Hillesvåg Ullvarefabrikk - sjå her

Legg opp 56 m., på liten rundpinne nr. 3,5 med grunnfargen ( her er det grått).


Strikk først to pinnar fram og tilbake, slik; 1.pinne: strikk 1 rett. *hent opp 1 m ved å føre den høgre pinnen under venstre pinne og hent opp garnet, 1 rett*, gjenta *-* ut pinnen = 111 mauskar.

2.pinne: *1 rett, 1 vrang*, gjenta *-* til det står att 1 m.

Herifrå skal pannebandet strikkast rundt, og før du gjer det, strikk siste og første mauske saman.

Strikk rundt med vrangmasukane i farge 2, og rettmauskane med grunnfargen heilt til du synest pannebandet er breitt nok... Prøv deg fram ;) 

Sidan eg held på med dette pannebandet no, vil eg kome med det ferdige resultatet etterkvart...og resten av oppskrifta... Får sjå korleis det blir til slutt :)

Her er hua...den vart til etterkvart den også...psst! Sjå fruANE på Instagram ;)

Ha ein fin kveld vidare <3

Klem frå fruANE <3

NB!

Sidan eg har laga eit nytt innlegg...sjå Ventestrikk må eg vise kor langt eg har kome på pannebandet her på bildet. Eg strikka på dette i dag, då eg var på besøk hjå mi kjære veninne Rigmor <3


Vrangborda vart ca 7 cm, med eit par omgongar vrangbord med grått, før eg laga ei "holbord" med *to rette saman, kast* omgongen ut... Slik blir det ein "brettekant" og rettstrikk i bakkant... Hugs då å skifte til tynnare pinne ( eg brukte pinne nr 3)


I dag, på sjølvaste feitetysdag, vart pannebandet ferdig - og klart til bruk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar