torsdag 25. februar 2021

På tur åleine

 Eg går som oftast tur åleine, ilag med ein eller begge hundane i husstanden...og oftast er det veldig godt.

I dag gjekk eg tur på Eika, i Eiksund...og møtte fire damer i fint driv, preikande og latterfulle. Då vart eg litt småmisunneleg... Smeis kor heldige dei er som er turjenter <3


På enden står ein kvilebenk, og på bordet eit Bondesjakk.
 Eg spelte raud, og Bobby spelte gul... Eg vann :) 

Eg har teke kontakt med nokre veninner...som er månadsvis sidan eg møtte...og som eg vil gå tur ilag med...

Eg vil gå tur saman med dei, gjerne med nistepakke, på tur ein etter ein, preike og flire...
Neste gong, skal eg spele mot ei veninne <3 men er slett ikkje sikker på om eg vinn ;)

Har du nokon å gå tur saman med? 

Eg går tur kvar dag, stort sett... Det er min medisin <3

fruANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar