mandag 15. februar 2021

VENTESTRIKK


Ventestrikk og fergestrikk...


I dag hadde eg time til mammografi i Ålesund, på sjukehuset...og tenkte "sjå" kor mykje eg eigentleg klarte å strikke, medan eg venta.
1.bildet tok eg dei siste 10 minutta før eg drog heimanfrå.


Eg likar ha god tid til ferga, så det vart ca 10 minutt å vente her også...


...og ferga tok omlag 23 minutt...


På sjukehuset rakk eg berre å leite fram ventestrikket, før eg vart kalla inn... Eg kom inn før tida, sidan ei "Flø-dame" ikkje dukka opp. Kjappe og effektive damer, gjorde at eg var ferdig med heile undersøkinga, før eg eigentleg skulle inn... 

Så eg betalte berre kr 9,- for parkeringa :) heilt greit!


Sidan ei av mine beste veninner bur i området, hadde me toane avtalt å gå tur ilag...ein herleg 2,5 times tur på dei mange skogsstiane 
<3 <3 <3
Vel tilbake vart det nydeleg tomatsuppe m/ ciabatta attåt, strikk( ikkje ventestrikket, men sjå PANNEBAND, prat og kaffe&godkake
<3 <3 <3 
ein suuuuuper blåmandag... 

(Sjå om fastelavn her )


Eg køyrde rett "på ferga" heim, så ingen ventetid der...men på fergeturen vart det eit innhogg...

Det vart ca 12 cm ventestrikk...


I det siste har eg høyrt på podcasten 

Dei snakkar m.a. om "veskevott", eit slags ventestrikk...
Mine 12 cm dobbelt perlestrikk er utruleg kjedeleg, og skal bli 16 cm lenger...så alt monnar ;)

(Har du ein "strikkepodcast" som du kan framsnakke?

Ha ei fin fastetid, men først er det å bli ferdig med blåmandag...så kjem feitetysdag, før askeonsdag.

Klem frå fruANE<3



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar