søndag 29. desember 2019

Årsteppe 2019

Årsteppet 2019 er heilt ferdig, og det er snart 31.desember 2019!

Eg har hekla ei rad fastmauskar eller stavar for kvar dag i heile 2019.
Eg "posta" bilete for kvar månad på Instagram @aneogstorsjal - og lagt ut bilde når det har vore viktig for meg å dele ein spesiell merkedag.

Eg har også sendt melding til dei som har meldt seg på dette prosjektet <3

Sett frå 31.desember-sida - ferdig!
 Eg starta dette prosjektet 1. januar 2019 - sjå første blogginnlegg om saka her

Sett frå 1.januar-sida - ferdig!
I desember skjedde det mykje spanande m.a. 
julemarknad og premiere på Hjørgot

- 14 merkedagar i årsteppet mitt <3

Midt i julestria <3
"Kvardagsglede <3 kaffe i snopekopp og smake på sjakkruter( som Vinjar bakar ut og steikjer)".
I november var det ein del bursdagar, farsdag, Allehelgensdag, 30 års kjærestedagjubileum<3 og ei truloving m.m. <3 <3

- 10 merkedagar i årsteppet mitt <3

30.november 2019 
Oktober - som eg markerte med rosa 
- var særs tung, då mamma døde 10. og vart gravlagt 18. 
<3 og eg hadde minnetale

<3

Men det var også solskinsdagar, 
då Solveig-vår og Fredrik trulova seg - med ringen etter mamma <3

- 13 merkedagar i årsteppet mitt <3

30.oktober 2019
September var ein av dei månadane med flest bursdagar og merkedagar i heile året <3
 - og Hjørgot vart til ;)

- 18 merkedagar i årsteppet mitt <3


I august var det også eit ras med bursdagar og SISI & JONAS gifta seg i Kina <3

- 18 merkedagar i årsteppet mitt <3

31.august 2010
I juli var det ein månad med fine folk, som hadde bursdag. 

Ingen nemnt, ingen gløymt <3

- 11 merkedagar i årsteppet mitt <3

30.juli 2019
Halvvegs på årsteppet mitt <3

Mange fine folk som hadde bursdag her også, og Eline tok fagbrevet sitt <3

- 13 merkedagar i årsteppet mitt <3

1.juni 2019
Mai månad - den fagraste vårmånaden - og Solveig hadde Bachelor-konsert <3

- 7 merkedagar i årsteppet mitt <3

30.april 2019
April  - vesle Emma vart fødd <3 og Jonas flytta inn i nytt hus <3

- 13 merkedagar i årsteppet mitt <3

1.april 2019
Mars - første vårmånaden 
- og ein del flotte folk som hadde bursdag og me hadde bryllaupsdag <3

- 14 merkedagar i årsteppet mitt <3

28.februar 2019
Februar - med fine bursdagsfolk <3

- 9 merkedagar i årsteppet mitt <3

1.februar 2019
Januar - starten på eit nytt år med mange nye og ukjente utfordringar <3

- 8 fine merkedagar i årsteppet mitt <3

1.januar 2019 -

"Godt nytt år! Eg startar med årsteppe/ årspledd 1.januar. Målet er å hekle ei rad i desse fargane for kvar dag i det nye året... Den 1. i kvar mnd blir svart, for å markere ny mnd. Bursdagar og spesielle dagar vert markert med andre fargar ( bursdags "barna" skal få velje sjølv). NB! Vil du vere med i årsteppet mitt, ved å skrive inn fødselsdagen din, som kommentar, eller på mld., om fargen du vil skal markere din dag? Fargen kan vere kva som helst...så ser eg kva eg har på restlageret mitt :) Dette blir spanande å sjå etterkvart - eg skal poste eit bilde for kvar mnd. BLI MED!

Er dette ein ide for fleire? Pst! Alternativ strikking, sying og andre måtar å lage teppe på"?
***
Det har vore eit større prosjekt enn eg hadde forestilt meg - for eg hadde vel ikkje tenkt korleis det skulle bli - ingen kan forutsei korleis eit år blir -

Når eg har site med heklenåla, og hekla inn den fargen folk har ønska seg - så har eg tenkt ein heil del på desse folka <3 
...og nett det å tenkje på folk, har gjort at eg har sendt melding med bilde av årsteppet til alle som har vore med - det er ein fole fin ting, synest eg <3 

Me kan rett og slett ikkje bry oss nok om folket rundt oss - dei me har kontakt med - dei me er glade i <3

Eg vil at 2020 skal vere eit år der me bryr oss endå meir om kvarandre <3 
Blir du med?  
Skriv ei melding, ta ein telefon, besøk kvarandre, møt nokon på ein kafe, eller andre møtestader... 
Ein må tore å ta initiativet <3

GODT NYTT ÅR!

Klem frå fruANE<3

torsdag 12. desember 2019

Ein annleis julemarknad

Eg hadde eit ønskje om å skape ein annleis julemarknad. 


Då eg ikkje kom meg avgarde på den årlege julemarknaden på Hakallegarden, vart det til at eg rydda "trimromet"... Flytta ut tredemølle, trimsykkel og andre treningsrelaterte remedium. 
Yngstejenta var med på å rydde, og flytte inn marknadstinga mine. Eg bestemte meg for å ha "minimarknad" to dagar den komande veka, tysdag og torsdag, 15 - 19, begge dagane.
Eg visste at det allereie var eit metta behov, men eg kjende at mitt behov var sterkare. Med stor sjølvtillit og pågangsmot laga eg eit arrangement på facebook.
Av mine 181 venner, inviterte eg i overmot 106 personar, som budde ikkje langt unna, relativt...og som eg tenkte kanskje kunne vere interesserte. Av desse 106 var det 5 som trykte "skal", 12 som trykte "kanskje" og 7 som melde dei ikkje kunne kome. Av desse igjen var det 28 som ikkje hadde sett invitasjonen. 

Det skal seiast at eg har fått mange gode meldingar frå dei inviterte, som av ymse årsaker ikkje kunne kome. Eg set pris på å få ei tilbakemelding!Er det ikkje vanleg å gje ei tilbakemelding når ein får ein invitasjon? Eg trudde det ;)

Forutan dei tinga eg hadde laga for å ha med til Hakallegarden, hadde eg ei utstilling av årsteppe2019, med alle minnedagar/ bursdagar/ merkedagar...der dei som kom, kunne finne sine dagar i årsteppet, og sjå korleis det såg ut, så langt i året ( nokre få dagar att...). Det vart gløgg/ peparkaker / glutenfrie småkaker/ sjokolade/ mandarinar og konkurranse på å finne englar ( som var plasserte i utstillinga - for å skjerpe sansane ), og det var høgtlesing frå "Snøsøsteren" av Maja Lunde/ Lisa Aisato.

Psssst! Det var 12 englar som hadde stilt seg på utkik i utstillinga ;) ;) ;) ikkje 10, 11, eller 13 :)

Det kom nokre vakre sjeler...og utan å røpe kor mange som faktisk kom, har eg hatt dei mest lærerike kveldane i mitt liv <3 

Det er ikkje tull!

Eg fyller meg med takksemd som faktisk torde å gjere dette <3 Eg kjenner på ei takksemd for dei som kom med heile seg, og for dei som gadd å sende ei melding <3 

Eg skapte ein annleis minimarknad for dei som kom <3

Klem