fredag 18. mars 2016

No skal våren kome

Snøen låg fortsatt i store haugar på plenen, 
då eg fekk føre meg at våren skulle kome...


 ...og den kom, etterkvart som eg fekk ordna rundt meg <3


Treskoa er klar til bruk...



...og greiner er tekne inn ( fulle av knoppar), 
perleblomst og påskelilje-løkar er planta i Norgesglas



...og gjenbruks-påskehønene har "flytta inn".

God påske!

ANE

tirsdag 8. mars 2016

Kvinnedagen

GRATULERER MED DAGEN!

Eg kjenner to flotte damer som har bursdag i dag
- ei ung
- ei midt i livet
Begge to er herlege på sine spesielle måtar.


Eg feira 8. mars med ski på beina,
med ein liten tur innom hytta for å ete lunsjpakken
- ilag med Roffen & mannen min, - 


og avslutta dagen ilag med sonen min
( som er heime berre i dag)
 og veslejenta 
( som ikkje er så lita lenger). 
Den mellomste jenta er på stortur i utlandet ( 7 veker).


Eg kjenner meg så rik,-
når eg kjenner denne lukkekjensla ved å gå på ski,- 
kjenne sola varme meg på kinnet,-
sjå korleis hunden nyt friheita,
 og smiler til meg der han spring tulling i snøen,-
gå der i lag med mannen min, 
i stilla,-
og berre høyre stavane i snøen når skia gli på silkeføret.
Rik,-
når eg kokar kaffien på primus,-
og nyt kaffien ilag med nista heimanfrå,-
i den lune gode kråa ved hytteveggen.

<3

Det var min 
KVINNEDAG!

Eg er heldig som får ha det slik <3


Klem frå 
ANE

lørdag 5. mars 2016

Nyfiken


Nyfiken!
Å vere nyfiken gjev deg lengre liv...
Det er 104 åringen Dagny Carlsson som seier dette.
Ho lærte seg data då ho var 99 år, og oppretta denne bloggen


Takk og pris for at eg er så nyskjerrig som eg er...
...nyskjerrig på ein god måte, 
vel og merke.

Ha ein fin laurdag!

ANE