mandag 28. januar 2013

Farmor-stolen


Farmorstolen!


Denne brukte farmor når ho sat framfor omnen og rørte i grytene. Ofte vart det tungt å stå for lenge, og det forstår eg so godt. Eg synest sjølv det kan vere tungt å stå for lenge ( har ryggproblem).


Eg synest stolen er både flott og fin! God å sitje på, er den også... Så her kan eg sitje med pc`en og tenkje ut nye blogginnlegg...eller fundere på kva det skal bli til middag...eller rett og slett røre i grytene.
Ha ein fin dag!
ANE



lørdag 26. januar 2013

Hjarteleg velkomen!

Trongen til å blogge igjen vart for stor... 
Så her er eg med ein ny blogg! 
Det er ei stund sidan eg blogga, og sidan sist har eg vore innom nokre bloggar som fasinerer meg. Dette førte til at eg ville blogge igjen! 
Eg valgte å kalle bloggen min for 
"Mitt vesle bakeri <3".


Grovbrød,
kveitebollar med kanel & kardemomme,
til kjøling ute i det fri.

Eg elskar å bake, spesielt gjærbakst! Då var det naturleg å gjere noko med det. Sidan eg likar publisere det eg lagar, eller tek bilete av, var dette viktigaste årsaka til blogginga. Eg fekk meg ikkje til å publisere alt eg ville på facebook, for kva ville fb-vennane mine tru? Ikkje det at eg er så opptatt av det, men eg vil tru dei hadde vorte lei av alt eg la ut...


Inger`s rugbrød med;
Blåmuggost & Ruccolasalat og Cottage Cheese.



Eg har vore til og frå arbeid dei siste åra, grunna helsemessige årsaker. Det er frykteleg frustrerande å ikkje makte jobben ein er utdanna til ( lærar). Eg jobbar no innan salg, og kan styre dagen min som eg klarar. Det er eg veldig fornøgd med!


Tomatsuppe;
i favorittskåla mi frå Ona.

Dette blir ikkje berre ein bake/ matblogg, NEI!
Eg likar å styre på med litt forskjellig, og litt etter litt vil det kome fram det eg syslar med...
Eg vonar du vil vere med meg på denne "reisa".

Med ønskje om ein fin dag!
ANE