tirsdag 15. desember 2020

SPOR av HJARTE

I dag la eg igjen eit spor etter meg...i form av eit hjarte i ei furu, 
langs Rotarystien, frå Kaldholsida... Det er ikkje det einaste hjartet eg har lagt igjen i den seinare tid. Eitt og anna hjarte har havna her og der <3

Det er mange SPOR ein kan setje etter seg...og har du tenkt over kva spor du set att etter deg? 
Kva spor ønskjer du, skal vere att etter deg?


Eg synest det iallfall er koseleg å tenkje på at nokon ser hjarta eg heng frå meg, og kanskje tek det med seg heim, gir det til nokon, eller berre beheld det sjølv. 
Det er også fint å tenkje på at nokon berre ser hjarta, og går vidare...slik at fleire får sjå, og kanskje tenkje over kva dette hjarta heng der for...korleis det har komt dit, kven som har laga det, kva tenkte den som laga og hengde det opp...

Små spor i kvardagen, berre ein er merksam nok...

Ønskjer deg berre godt <3 

Klem frå fruANE<3

onsdag 9. desember 2020

Ei lette...


No er me so og seie ferdige...
Sidan starten av september har me halde på med oppussing av stove og kjøken. Eg må seie at me er svært nøgde :) Me er midt i desember, og berre småplukk står att... 
Julegardinene kom opp første helga i advent, noko som er heilt nytt for meg. Eg synest det nye kjøkenet kunne få starte med ein ny tradisjon ;) Sjølv om det ikkje var ferdig lista, fekk vindauga gardiner :) :) :) 


 Denne veka bestemte eg meg for å ta det roleg med Hjørgot... Eg har tenkt på det ei stund, faktisk!
Ho har stressa meg meir enn det som gjer godt. Difor sletta eg sida hennar frå facebook, og heretter får ho vise seg fram når ho sjølv vil...ikkje når fb vil :(


                                               Eg har også teke nokre andre avgjerdsle... 
                                                            Så no har det letna <3

                                                                  Klem frå fruANE