søndag 10. mars 2019

Koftestrikk

Vinjarkofta - fordi han heiter Vinjar
***
endeleg fekk han si eiga kofte - mannen min <3
***

Det heile byrja med at eg etterlyste ei Ulsteinkofte, og fekk denne oppskrifta på epost frå ein følgar på Instagram... Ho hadde funne oppskrifta etter mor si, og kanskje kunne eg få til ei kofte med rundfelling med utgangspunkt i denne?


Eg kjøpte rikeleg mengde med garn, og la opp til eit erme. Eg brukte oppskrifter på nettet, for å finne nokolunde rett maskemengde, og lot det stå til.


Eg valgte Karisma, frå Drops garn - i fargane 
Fg 1 nr 55
Fg 2 nr 54
Fg 3 nr 69





Her har ermar og bol komt på ein pinne, og utfordringa var å passe inn mønster, samtidig som eg skulle felle inn på rundfellinga...


Skjeggete og "fæl" ( no er skjegget borte vekk :) ;) men rundfellinga såg noko lunde bra ut...


Tid for å sy saumar der eg skulle klippe opp...


Sjølve klippinga er kjekk, men alt som kjem etter er noko kjedeleg...


...å sy fast tampane til bolen,


...er det kjedelegaste som finst


Deileg då å kome i "hamn"...


...strikke halslinningen og felle av...


...som vart ganske fint felt av...


Etter damping, den litt kjipe saumen for å feste belegget til tampane, på baksida...


...og tilslutt det ferdige resultatet...

Ein mann med si eiga kofte, der ingen har maken... 
båten, fiskane, notane og bølgjene
-Vinjarkofta <3

Då eg byrja hadde eg store "vyer" om kva brotet, lusene og dei ulike bordane skulle forestille. Eg ga meg på dei "vyene" etter som verket skreid fram ;) ;) ;)

Eg er glad og tilfreds med resultatet :)

Her er fleire innlegg om temaet "kofter"
Kofter
strikkemønster
Gamle kofter
Kofte
Kofter - innlegget om Koftetreff ;)
Kofter igjen

I fylgje eit av innlegga mine, hadde eg som mål å lage mi eiga "Ulsteinkofte " før neste "Koftetreff"...som skal vere i Molde no til våren. Eg har ikkje meldt meg på, men har planar om å ta ein dagstur, og kanskje vere med på "Koftetoget"... Fleire som vil vere med?

fruANE