FEBRUAR
Dette er ikkje ein bake/ matblogg, men om det eg lystar; som livsnytar! Litt filosofisk er eit "bakeri" ein stad der ein klekkjer ut idear eller formar noko "godt"... For meg er det dei kreative sidene i meg...
søndag 31. januar 2021
MIn private kalendar - FEBRUAR
lørdag 16. januar 2021
Min private kalendar
JANUAR
OPPTUR
Å få kome seg ut, og attpåtil kjenne at sola stryk varleg over kinnet mitt...det er ei stor glede, og ein OPPTUR <3
Klem frå fruANE<3
lørdag 9. januar 2021
Veka mi!
søndag 3. januar 2021
Jul & 2021
Jula 2020 har vore god, med rolege dagar, saman med born og svigerborn <3
Det starta med nissegraut( som eg fortsatt kallar det...) veslejulafta, med den nye svigersonen vår, Ruben&Eline, svigerdotter Sisi (Jonas var på sjø/jobb) og far min som gjestar <3
Då me budde på Hagebø, hadde me alltid nissegraut veslejulafta. Då sette me ut ei skål graut til nissen, slik at han skulle ta godt vare på dyra i fjøsen <3 Gode minne!
Då borna var små var me fleire år i Stoksund for å feire Guro sin bursdag, og vere saman med fleire småbarnsfamilier <3 også ei fin tid å sjå attende på <3
Dei seinare åra har me bytta på, bror min og eg på å samle familien til denne koselege hendinga.
I år vart det annleis!
Julafta kom også Solveig-vår & Fredrik + Albus (hunden deira). Ilag med dei to andre hundane i heimen, vart det eit "hunda liv" ;) :)