lørdag 9. januar 2021

Veka mi!

                                                           "Så gjekk me på ein smell
                                                                 men hugs at likevel
                                                                så kan det ordna seg
                                                               for både deg og meg"

                                           (Dikt av Kristin Straume - på instagram @berrekristin ) 

"Kanskje det som skal

slankast

er forventningane

dine?"

( av Kristin Straume) 



"Du er så god
at eg vonar
du veit det"

(av Kristin Straume)


"Ein kan aldri
gjera meir
enn sitt beste

Men av og til
kan ein gjera mindre
og det er heilt greitt

(av Kristin Straume)


"Du er så redd
for å bli avslørt
og skjønar ikkje 
at eg avslørte
for lenge sidan
kor god du er "

(av Kristin Straume)


"Du bør ikkje vera
så redd for å falla
at du aldri vågar
å røra deg"

(av Kristin Straume)


"Du er elska
slik du er
heile deg
frå hår til tær
frå smil til gråt
frå ytst til inst
Verda treng
at nett du finst"

(av Kristin Straume)


"Du trur ikkje at
du er riktig
for nokon
anar ikkje at
det er ditt smil
dine ord
som hjelper andre
gjennom dagen"

(av Kristin Straume)



"Du er like elska
om du hjelper mange
og får til alt mogleg
eller om du ikkje får til noko
og har nok med å pusta
Du er like elska
like mykje verd
uansett!"

(av Kristin Straume)


"Nokre dagar 
er slike dagar
ein berre må gjennom
for å koma til
dei andre dagane"

(av Kristin Straume)


Desse dikta av Kristin Straume treff meg ofte... Kanskje treff dei deg også? Følg henne gjerne på Instagram, på @berrekristin <3

Klem frå fru ANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar