Pensum i 10.klasse:
2. verdenskrig
Heldige meg og mannen min prioriterte å vere med på yngste jenta sin 10. klasse-tur til Polen og Tyskland sist veke. Vi reiste med SI Reiser, seint ein onsdag kveld, med nattbuss-køyring til Oslo. På ei lita vandring i hovudstaden, passerte vi denne flotte beplantninga ved Univeritetet. Det tok seg veldig godt ut på avstand, og måtte difor studerast nøgnare.
Ein tur innom Tanum bokhandel var også freistande, og nokre bokkjøp vart det...
Under helse og livsstil vart det "Munken som solgte sin ferrari", av Robin S. Sharma. "Mindfulness i hverdagen", av Rebekka Th. Egeland. + ei bok av Anne B. (roman).
PS! Det vart veldig lite lesing på turen...
Color Line sin Fantasy, var utruleg flott!
Luksus!
Handlegate midt i båten, og lugarar oppe i høgda...
Ankomst Kiel, fredag morgon, og busskøyring til Wroclaw i Polen, ein avstand på ca 70 mil.
"Arbeit macht Frei", og me har komt til Auschwitz.
Her fekk me eit sterkt møte med grusomheitene frå 2. verdenskrig.
Kartet viser kvar dei jødiske fangane kom frå, til Auschwitz.
Bildet viser fangane, før dei vart delt opp...kven som skulle arbeide og kven som skulle rett i døden.
Bildet viser korleis fangane måtte kle av seg, før dei vart sendt rett i gasskammeret.
Bildet viser boksane som inneheldt gifta dei gassa fangane med...
Bildet viser ein del av utstyret fangane hadde med seg "til det lova landet, ( som dei trudde dei kom til).
Bildet viser nokre av koffertane dei hadde med seg...
...og nokre av korgene dei hadde med seg...
Bildet viser barnesko...
...og andre sko...
Bildet viser nokre av dei mange fangebileta som hang i gangane, fangenr., namn, fødedag og dødsdag.
Bildet viser plassen der ein god del av fangane vart skotne rett ned...
Bildet viser det doble straumgjerdet som gjekk rundt fangeleiren...
...
Birkenau
Gravstøtter; over alle dei falne i gasskammera...
Ruinane etter gasskammer...
Den norske minnesteinen, der ein av elevane la ned blomster og ein annan las dikt:
"Likegyldighet"
Først tok de kommunistene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke kommunist.
Deretter tok de fagforeningsfolkene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ingen fagforeningsmann.
Så tok de jødene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke jøde.
Til slutt tok de meg, men da var det ingen igjen til å bry seg.
Av Martin Niemöller
DØDSPORTEN
Endestasjonen
Etter denne opplevinga hadde alle reisande ei samling på hotellet, med song, spørsmål og prat rundt det me hadde sett og opplevd. Særs viktig å få sette ord på noko av det me opplevde i fellesskap. Godt!
Søndag vart det tur til Saltgruvene, med den underjordiske Saltkatedralen.
...og tur til byen:
Krakow by
Avkobling!
I eit smug, bakest i ei gate, fann eg noko heilt fantastisk:
Renata Mazul,
produsent og design av linplagg
Noko av det som vart kjøpt!
Linskjorter til far og linkjole, med tilhøyrande sjal og blomsterpynt til mor <3
"...og to par tøfler til..."
Utpå kvelden vart det middag og Folkloreforestilling.
Dei fleste av reisefølget fekk svinge seg i dansen :)
Måndag: Krakow - Berlin
Då såg me filmen "Sara`s nøkkel" på video i bussen...
Tropical Island; - for dei badelystne :)
Europas største innandørs badeland ( som tidlegare var ein hangar for fly).
BERLIN
Me hadde Eva - guide frå Sverige.
Ho vart med oss på ein spanande tur gjennom sentrum; Berlins 3 sentra, Alexanderplatz, Potsdamer Platz og Bahnhof Zoo. vi passerte Riksdagen, restane av Berlinmuren, handlegata i Kurfürstendam, Brandenburger Tor og Checkpoint Charlie.
Bildet viser personar som prøvde røme over muren, frå Aust til Vest, men som vart brutalt skotne ned...
Bildet viser litt av muren...
Bildet viser ei av dei mange minnetavlene som låg i vegen, langs der berlinmuren stod...
Bildet viser steinar der Berlinmuren gjekk, gjennom heile byen...
Brandenburger Tor - sjølvaste symbolet på opninga gjennom Berlin.
Bileta her viser Holocaust,
Monumentet - 2711 betongklossar bygt på toppen av der bunkersen til Hitler låg.
Stasifengeselet
"
Bygningen ble fra 1930-tallet brukt som storkjøkken. Under den sovjetiske okkupasjonen fra 1945 innrettet NKVD en konsentrasjonsleir hvor mer enn 20 000 politiske fanger og andre personer som var uønsket av kommunistene, ble holdt fanget under miserable forhold.
I oktober
1946 ble leiren omdannet til det sentrale varetektsfengselet for NKVD i Tyskland. Fangene ble torturert på forskjellige måter.
I
1951 overtok det nylig grunnlagte Stasi fengselet. Det ble etterhvert utvidet og hadde normalt en kapasitet på ca. 200 fanger. Etterhvert gikk Stasi over fra å hovedsakelig bruke fysisk tortur til å bruke mest psykisk tortur, bl.a. gjennom isolering og usikkerhet. Fangene bestod særlig av «republikkflyktninger» (personer som forsøkte å flykte til det demokratiske vesten) og opposisjonelle". (Wikipwedia).
Eg tok nokre bilder, men dei fleste med folk på, og det passar ikkje publisere her...
Etter ca 300 mil i ein fullasta buss med 26, -10.klassingar og 18 vaksne + bussjåfør, er eg trøytt, men full av inntrykk. Ungdomane har vore veldig flinke, trass dei mange timane i buss og mange vanskeleg-forståande svensk/engelsk/polsk - talande guidane.
Eg sleit sjølv...
Utruleg å oppleve alt dette på så kort tid, og vanskeleg å forstå alt som skjedde( spesielt i konsentrasjonsleirane). Ord vert fattige, og det heile er forferdeleg! Måtte vi aldri meir få oppleve liknande hendingar, sjølv om me veit grusomme ting skjer rundt omkring i verda.
Forkasteleg!
Eg er likevel glad for å få oppleve denne historie-turen.
Vonar du har fått med deg litt av det eg opplevde!
Klem ANE