tirsdag 31. juli 2018

Ekte ferie

Ja, eg har vore på feriereise - tidlegare i sommar <3



...men den beste ferien er heime, når veret er som det er - sol og varme <3


...og du kan ta kajakken...


...padle roleg...


...og ete lunsjen ombord, medan du ser på alt rundt deg <3 
Du verden for eit mirakel <3


...eller du kan styre og dulle rundt deg...og nyte nedfallsfrø frå fuglematen, som har vorte til kornaks i hagen...fasinerande vekstar <3


...eller når du kan rusle opp på fjellet, like ved der du bur...


...og sjå dette, frå varden på Garnestua...


...og du ser heilt ut til Svinøy fyr, utan kikert <3


...eller du tek eit bad i fjøra, og det er deileg <3


...eller ligge i hengekøya med ei god bok, men så orkar du ikkje lese, for det er så deileg å berre ligge der...og sjå opp på himmelen...
...og pulsen er roleg...

...

det er ekte ferie <3

Klem frå fruANE

fredag 13. juli 2018

MILJØNETT

Dette er "restefest"
 - miljønettet som vart hekla av restar, frå dei mange miljønetta som har vorte produsert dei siste vekene ;)



 Dette er dei siste eg har att...og for sal, om nokon er interessert ;)
pssst...eg kan hekle nye, på bestilling ;)



Pssst...eg kan hekle nye, på bestilling ;) 


Herleg fargar <3


God helg, fruANE <3

mandag 9. juli 2018

Miljønett og grøntnett i fokus

Eg har hatt ein  #giveaway her på bloggen, 
på Instagramkontoen @aneogstorsjal og facebook - dette for å nå flest mogleg :)

 @rebekkaamandastrikk, vart den heldige vinnaren. Ho får eit "gult er kult" - miljønett, og dette #grøntnettet i same farge ;)


#grøntnett, er mitt namn på desse netta...men eg ser at dei fleste kallar det for #fruktnett
- kjært barn har som sagt mange namn <3


#miljønettet "restefest" tek form ;)
Dette er restegarn, frå andre miljønett som eg har hekla ;)



Dette er det siste #miljønettet i denne omgang - ein aprikos farge <3 

Eg har nokre av desse miljønetta for salg, dersom du er interessert ;) 
sjå tidlegare innlegg i ulike fargar...

 NB! eg har berre eit nett av kvar farge ;)

Skap deg ei god veke 

<3

klem frå fruANE<3