onsdag 30. oktober 2019

INITIATIV

Eg lurer på korleis eg skal få seie det eg har på hjarta i dag...
...hmmmmm...veldig vanskeleg, faktisk...og skummelt...fordi eg veit at eg har mange som les dette, og kan kjenne seg støytt...

EG BER OM ÅRSAK!

***
Eg er lei av å ta initiativet til alt mogleg!


går 
var
eg
tur
til
Ørsta
ilag
med
ei
veninne

<3

Fantastisk å bli henta, bli teken med på sigtseeing og nyte god mat og prat på kafe i fleire timar <3
1000 TAKK

<3 <3 <3

Dilemmaet mitt!
Til stadigheit (synest eg sjølv) tek eg initiativ
til å gjere ting, invitere, ta kontakt, organisere og finne på opplevingar...
Aldri den andre vegen...og blir stadig skuffa og lei meg...

***

Likevel gjer eg det igjen, og igjen og igjen... KVIFOR?

***
Jau, fordi eg synest det er kjekt, naturlegvis...men har vel eit slags behov for den andre vegen også.
Av og til tenkjer eg at eg er travel, at folk ikkje eigentleg vil, men gjer det for høflegheits skuld. Kanskje skal eg berre slutte med det, og sjå om ting skjer - fordi eg ikkje gjer det...eller om eg då vert "utanfor"...hmmmm...skummelt...
Og det at eg no har skrive dette, er skikkeleg skummelt...

***

Eg må lære/ akseptere: 
at å ha ei slik "sykje" ( = initivativtakar) gjer at eg også må tole den negative sida  =  at andre ikkje er initiativtakarar, eller vil ha meg med...og ikkje bli skuffa og lei meg for det... ( som også er svært vanskeleg).

Denne trappa går opp, og rundt på begge sider av det runde tårnet (transformatoren)...opp/ned, på same stad...

Dagens hjartesukk

***

torsdag 24. oktober 2019

Kondolerer

Kondolerer
- eit fælt ord, men svært dekkande...og enkelt å seie for dei av oss som har utfordringar med å seie meir...
Ein kan og seie;  "føle med dokke i sorga og saknet"...

sjå Kondolerer
to feel or express compassion or sympathy
                                                                          
                            Her er på denne linken er så mange andre fine ting å seie... Kondolerer

Blomar seier også mykje <3

I ettertid er me veldig glade og takknemlege for at me stod i gangen, og ungdomane stod i døra med programmet, då me tok imot folket som kom i gravferda <3
Det er heilt annleis å berre sitje i benkane, medan kyrkja fyller seg opp...ein får liksom ikkje med seg det som skjer, kven som kjem osv. Ein annan ting er at dei som kjem til kyrkja ikkje får ta ein i handa, eller gi den klemmen.
<3 <3 <3
Mange synest det er vanskeleg å møte dei sørgande, og dette er ein fin måte å "møte problemet" på.
Samstundes er det fint for at dei får ta del i sorga vår på ein unik måte <3

lørdag 19. oktober 2019

Minnetale

Mamma si gravferd var i går, 18.oktober kl 13.00 i Ulstein kyrkje
( og eg las "minnetalen" i kyrkja).
Ho vart gravlagt på Ulstein gravplass på Osnes
- ein nydeleg plass ved badestranda.


Mamma rakk å bli 76 år.
Ingen alder, seier me...
Tida hennar var komen!

Mamma vart fødd 12.september 1943, og vaks opp inst i Botnen. Ho var døtra til Jenny og Hans Botnen, to fantastiske besteforeldre - og som midtibarnet i ein flokk på sju.
Som barn elska mamma å turne og danse, og var ein resar på 60 meteren, vart det sagt. Ho var flink til å hjelpe til i heimen. Ho var ikkje den som stakk av frå oppgåvene.
Etter framhaldsskulen og konfirmasjonen reiste ho til Oslo, saman med ei god veninne ( Perdy), for å arbeide på Studenterhjemmet. Lita som ho var, vart det mange tunge tak, og ho fann tidleg ut at det vart for tungt. Ho reiste til hennar tante Karen i Eikanger for å hjelpe henne med døtra, og mellom anna for å stryke forkle og skaut,- noko ho gjorde svært bra.

Etter ei tid vart det Horgheim Gjestgiveri i Rauma,
deretter Høvringen høgfjellshotell, og 
Hornsjø høgfjellshotell, 
til ho hamna i Ålesund på Gjestestova der i eit par år. 
Vinteren 1963 flytta ho heim til Ulstein, og arbeidde på Ulstein Hotell,- og same våren vart ho og pappa kjende. 
Austefjordingen som gjorde Ulsteining av seg. 
Ho serverte middag på kafeen "Mamma", når han hadde middagspause frå arbeidet på Hatlø 
- der han arbeidde då.

Det vart romansar, og dei vart par <3 og gifta seg 31.oktober 1964 - med vesle meg i magen <3 Denne tida budde me på loftet hjå tante Kristine og onkel Leif. Mamma og pappa bygde seg hus på garden i Botnen, og flytta inn sommaren 1967, og Per Ivar vart fødd i august same året. 

Det var ein fin og trygg oppvekst med besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn i nærleiken. Det var eit yrande liv, der besteforeldra var limet i slekta, også for dei av slekta som budde andre stader.
Morfar lærte oss tidleg halvstikk, noko som var kriteriet for å låne robåten <3
Elles var det båtturar saman med besteforeldra, onklar, tanter og søskenbarn - alle ihop - på holmeturar. Ei kjekk og minnerik tid å sjå tilbake på <3

Ferietida var telttid, og då pakka mamma og pappa den raude bobla - fullasta på taket, og alle ledige plassar i bilen. Støvlane var knørva inni einannan og plasserte her og der...eit under at me fann dei att. Det var trangt om plassen, men på ferietur skulle me.

Mamma tok deltidsjobb som vaskedame, som det heitte då, på Bergens Rørhandel - på ettermiddag/-kveldstid då eg byrja på skulen, og ho tok sertifikatet. Seinare arbeidde ho i mange år på Kleven Mekansike verkstad som reinhaldar, og litt hjå broren Gunnar og Kleven Eiendom. Ho braut handa i år 2000, og slutta då i arbeidet sitt. 
Mamma hadde astma, og var plaga med pusten - likevel var ho sprek som ei fjellgeit. Ho og pappa hadde mange flotte fjetturar, og for 20 år sidan gjekk dei på Galhøpiggen eine dagen, og Besseggen den neste. Dei har vore trufaste turistar i eige land, men òg minnerike turar utanlands.

Mamma har alltid vore eit arbeidsjern, med ein sterk arbeidsmoral - og det var alltid eit kvart som kunne gjerast. I tillegg må alle dei flotte strikkaplagga nemnast. Ho strikka fleire sett med like kofter til heile familien, og det var eit syn når alle fire kom i like kofter :)
Likevel hadde ho allslags tid saman med barnebarna når dei etterkvart kom til,- både i fjøra med bål og krabbeleiting, med overnatting på hytta i Aldalen, og ho var rett og slett ei superbestemor. 
Barnebarna har vore det viktigaste for mamma, og eg veit at ho har betydd veldig mykje for alle fem 
<3 <3 <3 <3 <3
Ho har vore ei trygg hamn og eit ankerfeste i liva deira <3

Sommaren 2013 selde dei huset i Botnen, og kjøpte ei lettstelt leilegheit på Reiten i Ulsteinvik - noko som kan seiast var i grevens tid. Først vart pappa alvorleg sjuk, som han heldigvis vart frisk frå. Mamma fekk påvist kols for ein del år tilbake, og fekk eit slagtilfelle hausten 2015. Det gjekk heldigvis bra, men ho miste matlysta, og vekta gjekk nedover, og med den også muskelmassa. Ho var gradvis svakare, og vart innlagt på Volda sjukehus i mars i år. I ettertid har ho hatt delt plass på sjukeheimen og heime på Reiten hjå pappa. 
For snart tre veker sidan fekk ho lungebetennelse,- som var noko me frykta...
Ho ville starte på ein penicellinkur, fordi ho ville at alle barnebarna skulle få nå henne - alle rakk henne, og me hadde fine og gode dagar på den fantastiske sjukeheimen ilag,- noko som styrka familiebanda endå sterkare. Mamma har vore limet i familien,- og ho har limt oss saman også etter sin død. 
Me vil alltid hugse den gode humoren, glimtet i auget, dei gode klemmane og 
alt du stod for - for oss <3
Me sat rundt henne, strauk hender og kinn då ho somna fredfullt inn, torsdag 10.oktober kl 12.15.

Kvil i fred, kjære mamma <3


EI STOR TAKK 
for alle helsingar, gode ord og klemmar i denne triste og vonde tida 

❣️❣️❣️

fredag 11. oktober 2019

MAMMA

Mor mi døde i går <3

...og ho fekk ei svart stripe med sølvgarn i årsteppet mitt <3


Den siste tida har vore magisk <3
Ei hand å halde i...


Takknemleg for slike dagar <3 mormor & barnebarn i trygt og godt fellesskap - med gode minne, historier, gledestårer og tårer med sorg <3 <3 <3 

Ho var på bedringens veg, etter ei veke med lungebetennelse, så då gjekk eg fjørelangs <3

Mamma har vore eit arbeidsjern heile livet, men vart sjuk for ein del år sidan, av kols - ein alvorleg lungesjukdom, som sette livet hennar på store utfordringar.
Prøv å puste inn og ut av eit sugerør, og gå opp trappa nokre etasjar... Då har du omlag den opplevinga mange kolspasientar lever med.
Etter eit hjerneslag for omlag tre år sidan, som for henne gjekk bra - men reduserte matlysta til eit minimum, gjorde at ho vart tynnare og svakare.

Spesielt siste året har me sett kor kreftene har teke på, og det har vore mange utfordringar.

TID er eit vidt omgrep, og det er vanskeleg å tidsetje ting i ettertid...
Ho har hatt eit godt samarbeid med sjukeheimen og pappa, slik at ho i bra perioder har budd heime <3 og me som har vore rundt dei, har vore flittige og gode på våre område <3

Siste månaden har vore kritisk, og ho og alle rundt henne har kjent på ei tryggheit å ha henne konstant på sjukeheimen. Der har me vore velkomne når som helst...

Når ein er så langt nedpå, er all form for infeksjon farleg, så få ho fekk påvist lungebetennelse var me sikre på å miste ho <3 
To hender i mi eine <3

Etter ei veke med Penicellin kvikna ho til att, til alle si store overrasking - ikkje minst ho sjølv, men det var kortvarig, diverre. Siste veka har det berre gått nedover, og me har vore samla rundt henne så og seie døgnet rundt. 

Ho ville ikkje døy åleine <3 

Me sat rundt henne, alle som kunne av oss, og eg holdt hendene hennar i mine, då ho drog sine siste pust <3

Mamma og Roffen, på Gåsneset for tre år sidan <3
TAKK FOR ALL KJÆRLEIK!

Ta vare på kvarandre <3