mandag 28. juni 2021

Hjørgot tek ferie

 ...eller "feirie, som ho sjølv seier...

Dette er sommarhandarbeidet hennar no.

Har du fått med deg alt ho Hjørgot har føre seg? 

Ikkje? 

Det er ikkje lett å følge med på kva ho til ei kvar tid styrer med... 

Sidan forrige gong eg skreiv om henne, 

har ho gitt ut ein 

Sjå Spøtepåddkast nommer 5

OG

Sjå Spøtefestivitas nommer 6

Hjørgot tok omsider til vetet og tok ferie, men sidan ho held seg aktiv på sosiale media, må ho oppdatere litt frå livet sitt i Solsida i Haddal.

Sola kom til Solsida, og då reira ho seg i solkråa si...og har laga ein "litennj vidiosnutt"...

Sjå Solkråa mi


Sidan bror min har arva hytta, og fått rydda der...kom det gamle trekkspelet til pappa til syne. Då var eg snar å "tinge" på det, sidan Hjørgot treng det ;)

Gamlerokkå hass far.


Ho har øvd seg på "Kor e hammaren Edvard..." og laga like godt ein liten vididosnutt av det også. Ho treng øving, ingen tvil om det...

Sjå Jonsoktrall

Elles å nemne, so øver ho nesten dagleg på "Drømmen om Elin...", noko som gjer oss andre i huset ganske fortvila( sjølv om ho held til i kjellaren...). Ho har lova publikumet sitt å spele den songen til neste jonsok. Det må ho klare å halde ;)

Følg gjerne Hjørgot på sosiale media, på Facebook - Hjørgot

eller Instagram @hjorgothaddal

Her er eitt av tidlegare innlegg Bakgrunnen til Hjørgot


Elles skal eg prøve å oppdatere her på bloggen, innimellom ;)

Takk for at du tek deg tid til å lese bloggen min då <3

Klem frå fruANE <3




fredag 25. juni 2021

Historia mi


Eg vart usikker på overskrifta til det eg skal skrive i dag...og sidan eg "må" ha overskrift, vart det "Historia mi" <3
No skal eg ikkje skrive heile livshistoria mi altså, men berre nokre tankar eg fekk i dag, då eg las frå boka "Verden som var min", av Ketil Bjørnstad. Han har skrive mange romanar, og er ein tusenkunstnar... Etter som eg har lese "Sekstitallet" og "Syttitallet" har eg undra meg over "kvar" eg har vore i livet mitt. Sidan eg var fødd midt på -60 talet, er det ikkje mykje eg hugsar frå det tiåret. Ikkje anna enn det eg har fått fortalt, eller sett på bilder...trur eg... På -70 talet kan eg hugse ein heil del, men skal ikkje gå inn på detaljar...


I dag kom eg til 1982 i boka "Åttitallet", og byrja tenkje på kvar eg var i livet nett då... Dette skuleåret -81/82, var eg Praktikant hjå ei familie i Ulsteinvik. Eg var ferdig med ungdomsskulen, og ville ha eit "friår", som det heiter så fint no. Nina(ei veninne eg vart kjent med på ungdomsskulen) og eg, passa små barn av våre tidlegare ungdomsskulelærarar. Dette året, då eg fortsatt budde heime med familien min, så spelte eg i to korps, dreiv med aspirantopplæring til skulekorpset, var konfirmantleiar saman veninne Sigrun, tente pengar og tok brevkurs i praktisk regning. Matematikk var eitt av dei faga eg mislikte sterkt, så det var "nytt" å oppdage kor kjekt det var med praktisk regning. 

Skuleåret 1982/-83 gjekk eg på folkehøgskule, på helse-og sosialfagleg line :) kanskje tenkte eg ei helsefagleg utdanning, og ved å gå ei slik line få litt meir innsikt i den retninga? Eg hadde trass alt arbeidd på Kvileheimen alle somrane...og arbeidet gav meg meirsmak. Dette skuleåret har påverka meg på mange måtar, utan at eg skal gå inn i det her( igjen må det evt bli i eit memoar).

Det er fint å reflektere litt over eige liv, medan sjølvaste Ketil Bjørnstad tek meg med i denne romanserien.



Det er "mange" måtar å "skrive" historia si på...som til dømes på bildet over. Eg tok føre meg ei kasse med restegarn, og starta på dette heklateppet( eigentleg er det Hjørgot som heklar dette då, men altså...), mønster er henta  frå boka "Håndarbeid frå hagen" til Arne&Carlos - "Primulapleddet".

Alle garnrestar er ei samling garn frå ulike prosjekt opp gjennom tidene... Eg har aldri kasta garn, så her er mykje historie i desse restane <3


"Gamlerokkå hass far" 
- trekkspelet som far min kjøpte frå pengane han tente på Flo, den sommaren han var 15 år. 
Dette er også historie <3


Trekkspelet er både falskt og luktar "gammalt", men alt har sin sjarm<3
Dessutan er det Hjørgot( igjen), som ser seg nytte i eit slikt trekkspel ;)

No skal det også seiast at far min har kjøpt trekkspel seinare i livet, 
så eg kan ha "gamlerokkå" til odel og eige <3


Jonsok <3

Då eg var lita/ung jente feira me jonsok med mykje innhald... 
Nokre dagar før sjølve jonsok, var alle borna i full sving med å rydde, koste, pynte og lage til bord med stolar og blomster på borda i løda, og lage til bål i fjøra. 
Sjølve dagen vart feira med jonsokbrudepar og stor fest i løda, før me brende det store bålet seint på kveld.
Omlag slik hadde me det på Hagebø også...og med Fantetog.
<3
Gode minne å ta med seg...
<3
Dei seinare åra har me teke turen til Hasund Bygdahus for å kjøpe rjømegraut, 
som Saniteten kvart år lagar til <3 og så har me reist til slektningar på Bigset for å grille og brenne bål seinare på ettermiddagen/kveld <3

Sidan bror min og eg arva naustet saman, har me stundom feira jonsok der. Vonaleg vert det ein tradisjon etterkvart <3


Eg held på å bli eldre, kjenner eg - sidan desse minna held på å bli gløymd...så kanskje på tide med memoarer?

fruANE<3

mandag 21. juni 2021

Dagstur til Segestad gard på Hjelle i Oppstryn

 Det var vel verdt turen til Hjelle denne fredagen, sjølv om det regna og skodda låg ned i fjella...

Det letna, heldigvis! 

                                             På Yr og Storm melde dei sol og fint ver denne fredagen.                               

Kjekt med eit "kart"...

Historisk firarstreng/ løypestreng frå garden og ned til tunet.




Utsikt frå gluggen på løda


Me klarte ikkje dy oss... 
Me hadde sett fleire bilder i sosiale media frå nett dette punktet. 
Midt mellom hus og løda.


Koseleg å bli møtt med ein fersk bukett sommarblomster på kjøkenbordet <3

Svartomnen med storkjelen <3

Skal tru om dei tok seg tid til ein kaffe innimellom slaga...og nyte utsikta?

På loftet stod storveven

Frå loftsvindauget

Her kunne ein legge seg nedpå...i flotte sengar

Innsikt til kjøkenet

Utsikt mot Hjelle


Utsikt motsatt veg, mot Stryn 

Fint tun, med steinlagd murhus.


Me bestemte oss for å gå vidare til sætrane lenger framme i dalen, 
og gå den andre sida av dalen ned att...


På brua over elva der sætrane Segestadsætra og Glomnessætra låg



Berre murane att på begge sætrane,
men eit par sel var restaurert og sikkert mykje brukt.


Her ser me Segestad gard på motsatt side av dalen/ elva


Kjekt å kunne ta seg ein dagstur<3
Det vart ikkje tur til fossen denne gongen, sidan me valgte å gå rundt... 
Kanskje ein annan gong?


fruANE<3

lørdag 5. juni 2021

Ærefullt oppdrag


Mamma starta på dette babyteppet før ho vart veldig sjuk og døde, 10.okt. 2019. 

Ho hadde starta på ein gensar( sjå bildet lenger nede), og vart lei...ville rekke opp. 

Ho hadde ein del garn, så eg spurte om ho heller ville strikke eit babyteppe? Ho sa at det ville vere kjekt å ha eit babyteppe til eit eventuelt oldebarn ville kome <3

Sjølv då ho var på sjukeheimen siste tida, strikka ho litt på babyteppet, men spurte meg om eg ville gjere det ferdig... 

Eg lova henne å gjere arbeidet ferdig <3

No når eg skal bli farmor, vil eg gjerne sluttføre prosjektet hennar <3 ho skal bli oldemor <3




Då eg omsider leita fram att prosjektet, fann eg også denne "bolen" som ho hadde strikka... 
Eg fann att oppskrift og lurer no på om eg skal strikke ferdig denne også...

Først babyteppet, så dette... Om eg ikkje får nok garn, kan det bli ein barnekjole?
Me får sjå etterkvart <3

fruANE<3


onsdag 2. juni 2021

Dagstur til Ytre Fure


 Sidan skodda låg grauttjukk heime, vart det tur...

til Ytre Fure 

Betre å sitje i bil til eit turmål i skodde, enn vente til skodda eventuelt forsvinn... 

Me hadde tenkt ta turen i lang tid...


Me vart forundra då skodda låg tjukk her også,
- i Indre Fure.


Ikkje særleg utsikt, 
men ei lokal triveleg dame meinte på ho ville lette...


Der var sola <3 bak skodda...


"Her bur det sterke folket!
Her blomstrar ei steingrå strand.
Fiskaren, optimisten, grev gull av sitt akerland.
Byggverk, som fagre juvelar prydar ei bringe av stein.
Draumar blir sanne, ein etter ein, når buldrande båra bryt".

VER SNILL Å TA MED EI HELLE-, OG LEGG DEN I STIEN  -  TAKK

SJØLVPLUKK HELLER, til stien.

HELLETILFONG 

Artig!


Det letnar...


I Køyla heldt Vinjar minikonsert, 
for hundane, havet og meg... <3
1. vers av "Sunnmøre"


Oppover fjellsida...


Små "funn"!


Merke etter folk!


Til gards!





Ingen heime, 
men me var velkomne 
<3


Nedpå kanten stod eit bord for gjestar <3






Bobby Brown <3


Vindprega tre...


Nyslegen "veg"


Imponerande steingardar i hytt og pine...


På heimveg...
etter ei lang pause i 
deileg temperatur og inga skodde...





Somme stader er det bratt...


Ein av dei mange steingardane, 
med opning for gåande...


Heilt der ute var me...
og no ser me målet. 
Det gjorde me ikkje på vegen til...


Fine råser...



Her ser me heim til Fure( indre), 
der bilen stod parkert.


Siste innspurt...


Takk for turen <3


Sidan me var så nære...vart det vassing i Hoddevika <3



Kjekt for to- og firbeinte 
<3 <3 <3 <3


Har du vore på desse fine plassane? Viss ikkje, så ta deg ein tur <3
Landskapet er utruleg vakkert<3
    
GOD TUR!

fruANE <3