lørdag 5. juni 2021

Ærefullt oppdrag


Mamma starta på dette babyteppet før ho vart veldig sjuk og døde, 10.okt. 2019. 

Ho hadde starta på ein gensar( sjå bildet lenger nede), og vart lei...ville rekke opp. 

Ho hadde ein del garn, så eg spurte om ho heller ville strikke eit babyteppe? Ho sa at det ville vere kjekt å ha eit babyteppe til eit eventuelt oldebarn ville kome <3

Sjølv då ho var på sjukeheimen siste tida, strikka ho litt på babyteppet, men spurte meg om eg ville gjere det ferdig... 

Eg lova henne å gjere arbeidet ferdig <3

No når eg skal bli farmor, vil eg gjerne sluttføre prosjektet hennar <3 ho skal bli oldemor <3




Då eg omsider leita fram att prosjektet, fann eg også denne "bolen" som ho hadde strikka... 
Eg fann att oppskrift og lurer no på om eg skal strikke ferdig denne også...

Først babyteppet, så dette... Om eg ikkje får nok garn, kan det bli ein barnekjole?
Me får sjå etterkvart <3

fruANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar