mandag 28. juni 2021

Hjørgot tek ferie

 ...eller "feirie, som ho sjølv seier...

Dette er sommarhandarbeidet hennar no.

Har du fått med deg alt ho Hjørgot har føre seg? 

Ikkje? 

Det er ikkje lett å følge med på kva ho til ei kvar tid styrer med... 

Sidan forrige gong eg skreiv om henne, 

har ho gitt ut ein 

Sjå Spøtepåddkast nommer 5

OG

Sjå Spøtefestivitas nommer 6

Hjørgot tok omsider til vetet og tok ferie, men sidan ho held seg aktiv på sosiale media, må ho oppdatere litt frå livet sitt i Solsida i Haddal.

Sola kom til Solsida, og då reira ho seg i solkråa si...og har laga ein "litennj vidiosnutt"...

Sjå Solkråa mi


Sidan bror min har arva hytta, og fått rydda der...kom det gamle trekkspelet til pappa til syne. Då var eg snar å "tinge" på det, sidan Hjørgot treng det ;)

Gamlerokkå hass far.


Ho har øvd seg på "Kor e hammaren Edvard..." og laga like godt ein liten vididosnutt av det også. Ho treng øving, ingen tvil om det...

Sjå Jonsoktrall

Elles å nemne, so øver ho nesten dagleg på "Drømmen om Elin...", noko som gjer oss andre i huset ganske fortvila( sjølv om ho held til i kjellaren...). Ho har lova publikumet sitt å spele den songen til neste jonsok. Det må ho klare å halde ;)

Følg gjerne Hjørgot på sosiale media, på Facebook - Hjørgot

eller Instagram @hjorgothaddal

Her er eitt av tidlegare innlegg Bakgrunnen til Hjørgot


Elles skal eg prøve å oppdatere her på bloggen, innimellom ;)

Takk for at du tek deg tid til å lese bloggen min då <3

Klem frå fruANE <3




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar