fredag 25. juni 2021

Historia mi


Eg vart usikker på overskrifta til det eg skal skrive i dag...og sidan eg "må" ha overskrift, vart det "Historia mi" <3
No skal eg ikkje skrive heile livshistoria mi altså, men berre nokre tankar eg fekk i dag, då eg las frå boka "Verden som var min", av Ketil Bjørnstad. Han har skrive mange romanar, og er ein tusenkunstnar... Etter som eg har lese "Sekstitallet" og "Syttitallet" har eg undra meg over "kvar" eg har vore i livet mitt. Sidan eg var fødd midt på -60 talet, er det ikkje mykje eg hugsar frå det tiåret. Ikkje anna enn det eg har fått fortalt, eller sett på bilder...trur eg... På -70 talet kan eg hugse ein heil del, men skal ikkje gå inn på detaljar...


I dag kom eg til 1982 i boka "Åttitallet", og byrja tenkje på kvar eg var i livet nett då... Dette skuleåret -81/82, var eg Praktikant hjå ei familie i Ulsteinvik. Eg var ferdig med ungdomsskulen, og ville ha eit "friår", som det heiter så fint no. Nina(ei veninne eg vart kjent med på ungdomsskulen) og eg, passa små barn av våre tidlegare ungdomsskulelærarar. Dette året, då eg fortsatt budde heime med familien min, så spelte eg i to korps, dreiv med aspirantopplæring til skulekorpset, var konfirmantleiar saman veninne Sigrun, tente pengar og tok brevkurs i praktisk regning. Matematikk var eitt av dei faga eg mislikte sterkt, så det var "nytt" å oppdage kor kjekt det var med praktisk regning. 

Skuleåret 1982/-83 gjekk eg på folkehøgskule, på helse-og sosialfagleg line :) kanskje tenkte eg ei helsefagleg utdanning, og ved å gå ei slik line få litt meir innsikt i den retninga? Eg hadde trass alt arbeidd på Kvileheimen alle somrane...og arbeidet gav meg meirsmak. Dette skuleåret har påverka meg på mange måtar, utan at eg skal gå inn i det her( igjen må det evt bli i eit memoar).

Det er fint å reflektere litt over eige liv, medan sjølvaste Ketil Bjørnstad tek meg med i denne romanserien.



Det er "mange" måtar å "skrive" historia si på...som til dømes på bildet over. Eg tok føre meg ei kasse med restegarn, og starta på dette heklateppet( eigentleg er det Hjørgot som heklar dette då, men altså...), mønster er henta  frå boka "Håndarbeid frå hagen" til Arne&Carlos - "Primulapleddet".

Alle garnrestar er ei samling garn frå ulike prosjekt opp gjennom tidene... Eg har aldri kasta garn, så her er mykje historie i desse restane <3


"Gamlerokkå hass far" 
- trekkspelet som far min kjøpte frå pengane han tente på Flo, den sommaren han var 15 år. 
Dette er også historie <3


Trekkspelet er både falskt og luktar "gammalt", men alt har sin sjarm<3
Dessutan er det Hjørgot( igjen), som ser seg nytte i eit slikt trekkspel ;)

No skal det også seiast at far min har kjøpt trekkspel seinare i livet, 
så eg kan ha "gamlerokkå" til odel og eige <3


Jonsok <3

Då eg var lita/ung jente feira me jonsok med mykje innhald... 
Nokre dagar før sjølve jonsok, var alle borna i full sving med å rydde, koste, pynte og lage til bord med stolar og blomster på borda i løda, og lage til bål i fjøra. 
Sjølve dagen vart feira med jonsokbrudepar og stor fest i løda, før me brende det store bålet seint på kveld.
Omlag slik hadde me det på Hagebø også...og med Fantetog.
<3
Gode minne å ta med seg...
<3
Dei seinare åra har me teke turen til Hasund Bygdahus for å kjøpe rjømegraut, 
som Saniteten kvart år lagar til <3 og så har me reist til slektningar på Bigset for å grille og brenne bål seinare på ettermiddagen/kveld <3

Sidan bror min og eg arva naustet saman, har me stundom feira jonsok der. Vonaleg vert det ein tradisjon etterkvart <3


Eg held på å bli eldre, kjenner eg - sidan desse minna held på å bli gløymd...så kanskje på tide med memoarer?

fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar