søndag 1. mai 2016

Kjærleiken til bøker og litt anna

Eg er generelt glad i bøker...
Romanar!


Då eg las: 
"God natt, June", av Sarah Jio 
vart eg nyfiken på ei barnebok, som ved fleire høve vart nemt i boka.
 "Goodnight moon", av Margaret Wise Brown. 
Eg etterspurte den på mitt lokale bibliotek, og dei skulle sjekke opp om det var mogleg å spore denne boka. Etter ei god veke, fekk eg sms om at boka vart koma :)
 Fjernlån frå Deichmanske Bibliotek. 
Eg vart såååå glad, og har kosa meg med ei barnebok, på engelsk! Eg er ikkje spesielt god i engelsk, sjølv om eg elskar England. Eg forstod alt ;) 


Det å vere barnebokforfattar må vere heilt fantastisk og veldig vanskeleg...har eg tenkt. Borna er ekstremt oppvakne og ærlege, så ein "tullar" ikkje med bøker til barn :) 


Denne boka: "Drømmen om den engelske landsbygda" er såååå vakker. Eg budde i Surrey eit par månader, (som aupair), og fekk reise ein god del. Eg hadde mykje friheit, sidan "mor og far" jobba mykje, og eg hadde hovudansvaret for barna deira 24 - 7...men fekk fri i mange dagar då dei var heime... Då reiste eg rundt omkring der det gjekk tog :) Eg vart forelska i England! Eg har vore i England ved fleire høve seinare i livet, heldigvis - og det blir fleire turar, garantert! Iallfall etter å ha lese/ drøymt meg vekk i denne boka... 


Her eg sit og bloggar, ser eg bort i deler av bokhylla mi... Der er ein god del bøker eg ikkje har lese enno...for eg finn stadig nye og spanande bøker å lese på biblioteket( og i butikken, sjølv om eg har slutta å kjøpe bøker). 
Eg har generelt slutta å kjøpe noko som helst ( bortsett frå mat og kle)... Eg får såååå dårleg samvit av å kjøpe nytt, når det finst so mykje fint og flott i dei mange gjenbruksbutikkane rundt omkring i våre små og store bygder( og byar). 


Eg er glad i gamle ting, og ting som eg har fått eller kjøpt på Gjenbruk... Skapa er litt fulle, men eg brukar faktisk desse flotte skattane mine... 


Desse koppane har kvar si historie å fortelje...
( du skal kanskje få høyre dei ein annan gong...)


Denne koppen, med tefat og asjett kom eg over for ikkje so lenge sidan... Eg kjøpte nemleg fire "nye" koppar med tefat og asjett, som eg same veka dekka med til "Strikk&Tyt" <3 
Då gjestane kom, fekk dei setje seg hjå den koppen dei likte best... Har du prøvd noko liknade?  Spanande å sjå kva den enkelte vel, og kvifor... 

"Kom mai, du skjønne milde..."

Ha ei fin veke der du er :)

Klem frå ANE