søndag 29. mars 2020

HÅP & VON

Eg vart invitert med i ei offentleg gruppe på fb, 
"DEL HÅP - SHARE HOPE"
Ein blir ofte invitert av andre i grupper, og det er slett ikkje alt som er like interessant. 
Naturlegvis!
Per i dag har gruppa 1553 medlemmer...


 Eg fekk ideen om å dele dette hjartet, som eg har strikka og tova for nokre år sidan...


HÅP er eit fint ord, men VON er endå finare, tykkjer eg (nynorsfantasten i meg). Så eg tok ulike bilder av dette hjartet i snøen( sidan det hadde snøa om natta). Snøen låg der så kvit og fin, og med det raude hjarta vart det sterkt og fint <3
Dette vart altså mitt første bilde i gruppa...

Eg delte bildet på Instagramkontoen min @anitanese med desse orda;

VON
håp
hope
hoffnungen
toivoo
håb
espoirs
vonir
xiavang
fôrhoppningar
speranze
ta suil ag
spes
esperanzas
hoop


Eg bestemte meg for å lage ein "plakat" av desse orda...og delte det på ny i gruppa <3 


Eg synest det vart fint, og la plakaten ut i snøen - i det reine - kvite - uskuldige - kalde - og teikna eit rosa hjarte <3


Det er von om betre tider - og like viktig er det å skape vona rundt seg, medan ein er midt i det <3


Klem frå fruANE <3

torsdag 26. mars 2020

Å vere trist

Eg skreiv ein status på fb, der det sto; 
"Veret er like trist som meg i dag...men bakom skyene er himmelen blå, og sola kjem 
- SNART <3 
Skap deg ein god dag, ein som berre du kan skape...og saman kjem me oss gjennom det, denne gongen også <3 
Klem til den som vil ha ;)"


Eg vurderte ei stund om eg skulle våge å dele, men eg følte det slik... Responsen var stor og god <3 eg er overvelda over at det er slik <3 

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM TOK KONTAKT!


Tusen takk, Torunn <3

 Eg fekk ein famn bukett tulipanar frå Norddal <3 i form av eit bilde og gode ord <3

Psssst! 
Seinare på dag fekk eg nemleg ein slik stor bukett med eine døtra mi <3 <3 <3 
vel og merke var det både bryllaupsdag- og bursdagsbukett ilag <3 <3 <3
(me er fole praktiske i familien min)


Som eg skreiv;
"Skap deg ein god dag, ein som berre du kan skape..."

 Døtra mi og eg for til Kreativiteten i Ulsteinvik for å snope garn - til eit heilt spesielt formål :)

Og medan me var på Kreativiteten, kom Marie innom...
og ho hadde denne muffinspakken i bilen,
som ho skulle levere til meg då ho skulle køyre forbi meg, som ho sa.

Men så traff ho meg der <3
1000 takk, Bente og Marie
- for omtanken <3

Muffinsane var himla gode  :)

Bobby elskar også garn <3

Eg har ofte kjent på tristheit, og det er greit å kjenne på...registrere kjensla og tenkje, "ja, dette er slik eg kjenner meg no, og det går over". 
Det gjer det alltid! 
I desse koronatider er det mykje som skjer i verda, og eg ber til min skapar om at GUD rår. 
ME er berre små puslespelbrikker på denne jorda, og me kan gjere vårt til at det blir ein so god plass som mogleg å leve på, den stunda me lever <3

Alle dei dagane
Livet krev deg
Meir enn du eigentleg orkar
På alle dei dagane
Håpar eg du hugsar på
At du,
Ja, nettopp du
Er uendeleg høgt elska <3

Solveig Johanne Grønstøl

(takk, Grethe Kristin <3)


"Uansett hva du føler, tillat deg å kjenne det. I det øyeblikket av separasjon og erkjennelse,...bruk fantasien til å gjenkjenne at det er andre mennesker på planeten akkurat i dette øyeblikket som føler akkurat som du føler. Du er ikke lenger alene - Lama Kathy Wesley, "Your Mistakes Are Progress"

(Takk, Bente <3 )





Til bursdagen min 


- 55 årsdagen - 


hadde eg ein plan om ei "utstilling" 

(som vart avlyst)



 - av namneplakatar, der kvart namn har ei betydning for meg, 


og kva dei står for - 


K - kreativ


R - raus


I - inderleg


S - sosial


T - talentfull


I - intelligent


N - naturleg 



 Eg har verkeleg mykje å vere takknemleg for <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3


 Skap deg ein god dag, ein som berre du kan gjere <3



Klem frå fruANE <3



( pssst! eg får ikkje forandra det kvite i teksta... )

mandag 16. mars 2020

SYSLERI

SYSLERI - er syslar/ ting ein kan gjere...

I dag sat eg ute i sola med strikk, bål og bok <3
 Eg held på med ei OLLJDORRE ( = ullbukse) til hyttebruk!

I helga var det innever til dette: hekle og strikke påskepynt <3

HJARTE <3
Desse HJARTA finn du oppskrift på her <3

Klem frå fruANE<3

Utfordring

Eg, med veldig mange andre fekk ei utfordring frå venner på facebook, om å legge ut gamle bilder av seg sjølv...derav bilda under...
Eg vart sitjande i det uendelege å sjå i fotalbum frå "gamle dagar" :) og endå så har eg omlag like mange fotoalbum att...og dei er frå då borna vart fødde, frå 1992 til det vart digitale kamera ;) litt usikker på når det var, men så langt kom eg altså ikkje...

Det blir neste kapittel <3

OG
neste kapittel blir det kanskje mange moglegheiter til å få...i desse koraona-tider :( 

JA, det er surrealistisk!
Heile verda er inne i ei krise :( 
og eg skal ikkje gå inn på det her. Det er flust av informasjon om dette temaet elles, og til å bli "sjuk" av... Det er mykje informasjon, men det viktigaste er å passe på å halde god handhygiene, ikkje hoste eller nyse anna enn i armkroken...Halde god avstand til andre, og BE om at det går godt <3 Det er så mykje eg kunne ha skrive om dette, men som sagt; les i media!

Desse bileta er frå mi lukkelege ungdomstid <3 

Ulike situasjonar, knytta til song i kor, drama, russedåp i toga-utkledning, og trekkspel-underhaldning og jonsokfeiring.

Frå permantent-tida & folkehøgskuleåret 1982/-83 <3

7.klasse-bilde (øvst til høgre), familiebilde i høve Kari-Lise sin konfirmasjon(til venstre), og min eigen konfirmasjon nedst til høgre <3

Eg, som lita jente, frå 1965...
- frå fjøs til studio-fortograf <3
Mamma og eg, oldefar Martin Sundgot og eg, Per Ivar(bror) og eg <3 <3 <3
I desse koronatider vil eg bruke tida mi på å rydde, vaske (litt), strikke/ gjere ferdig "ufoar",  snakke i telefon, sende meldingar, og passe på at eg ikkje blir smitta, eller smittar andre <3
...og sidan eg har nær familie med nedsatt immunforsvar, må eg vere forsiktig!


EG UTFORDRAR ALLE TIL Å GJERE DET SAME <3

Me treng å nullstille oss!

Klem frå fruANE<3

...og i dag avlyste eg 55 års-selskapet mitt

mandag 2. mars 2020

MARS

1.mars

Bålkaffe og lyden av bål <3

1.mars - vårmånaden - min månad <3

MARS

Og der var dei endeleg
Desse bortgløymde
Sterke og modige små
som strekk seg oppover,
oppover
Og trossar
både frost og blåst
På vegen mot det som kjem

                                                                      Solveig Johanne Grønstøl





Ha ein fin måndag <3

Klem frå fruANE <3