Det
er vanskeleg med mindfulness i praksis,- når eg står midt i
brøddeiga og eine meldinga etter den andre tikkar inn på mobilen.
Men, eg klarte å gjere den ferdig – kna den store brøddeiga godt,
og forme den til fire like store og deilege brød, plassere dei i
brødforma og sette dei til heving. Til og med vaske hendene godt,
vaske benkeplata og rydde opp etter meg. Ei bragd! Mindfulness i
praksis! Leve i nuet! Gjere ferdig det eg held på med... Ikkje bykse
avgarde til neste gjeremål.
Eg
fekk omsider sjekka meldingane på mobilen. Interessant! Det tok
fokuset mitt nokre minutt.
No
står brøda til fòrheving, sola skin i Solsida – og hønene skal
ut og spankulere fritt. Då er det nemleg fokus på dei <3
Me
hadde besøk av Hønsehauken sist fredag. Han drap Den 4 høna. Fole
trist! Nakken tvers av! Heldigvis klarte Gerda, Bip og
Prinsesse Tornerose vit til å gøyme seg – raske som dei var.
Dei er vaktsame i det dei kikar ut gjennom holet til hønsehuset, den
eine etter den andre. Eg kallar på dei «kome då tuppane mine, kom!
Kom!» Så kjem dei stolte ut... Dei får brødsmular og nokre
risrestar frå middagen i går. Lekkerbiskar for ein Brun Italienar.
For det er det dei er: hønene altså! Brune Italienarar! Fint skal
det vere. Og dei legg brune egg. Nydelige! Gode! Mor mi vil
berre ha desse.... Ikkje butikk-egg!
Raskt
spring dei under hønsehuset - noko skremde dei... Er han i nærleiken
– hønsehauken? Sikkert og visst, held han eit haukeblikk no når
han veit om dei - stakkarane! Eg skal passe godt på... Ha fokus!
Eg
har hatt brune Italienarar før, og nokre andre rasar – eksklusive
må vite. Det var då eg budde på Hagebøen. Ein tidleg
vintermorgon, når eg låg i min og hønene sin beste og søtaste
søvn... var han der: hønsehauken – smatt gjennom eit hol inne
ved løeveggen, inn holet til hønsegarden. Fullt spetakkel! Du gru!
Eg sette avgarde ukledd rett frå senga... Eit syn ingen hadde godt
av, og truleg ingen som såg (håpte iallfall det). Fleire døde og
nokre skada høner. Eg storskreik og forbante den hauken, der han
(ja, faktisk!) stod i den store aska.... Stolt over verket sitt, var
han!
Eg
skal ikkje skrive det som skjedde i ettertid, (nokre veit!) men
hauken kom aldri att! Trur ikkje det er den som har komt til
Haddal... Nok om det!
Mindfulness
er omvendt av mindlessness! Tilstanden mindlessness vil eg slett
ikkje påkalle meg... ein tilstand der ein ikkje er klar over kva ein
held på med, fordi alt vert gjort rutinemessig. Dermed får ein
ikkje sjå alternative moglegheiter eller endre synspunkt og val...
Vi kan ikkje vite om det vi gjer er rett, eller om det eigentleg er
slik vi vil ha det, - for vi har ikkje kontakt med vårt indre. Vi
kan ikkje måle val opp mot kvarandre, vurdere eller prioritere fordi
vi vurderer for raskt og dermed kanskje feil. Ved rutiner og typiske
autopilot-tilstandar mister vi altså evna til å sjå alternative
moglegheiter og val som ville passa oss betre.
Er
vi «mindless», vil vi ikkje vere i stand til å setje pris på det
gode som skjer, og leve livet slik det faktisk viser seg her og no.
Eg
vil ha sjansen til å smake på kaffien om morgonen, sjå dei vakre
haustfargane, høyre elva som suser og kjenne vinden som ruskar meg i
håret (det vesle eg har).
Desse,
og liknande augneblink er livet, og vi let dei ofte passere, som om
dei augneblink i framtida er viktigare enn dette. Kvifor skal ikkje
slike augneblink bety like mykje som eit augneblink i framtida? Og
dersom vi berre lever for framtida, vil ein då vere i stand til å
stoppe opp og sei: «no har eg tid til å kjenne og leve»? Korleis
kan ein nyte augeblinket dersom ein aldri har gjort det før, dersom
ein ikkje veit korleis ein gjer det, og korleis det kjennest ut? Vil
vi eigentleg leve eller berre eksistere?
Mindfulness-
meditasjon vert praktisert ved først å fokusere på pusten, for å
stabilisere sinnet og finne ro.
Fritt
frå boka til Rebekka Th. Egeland( psykolog): «Mindfulness i
hverdagen».
«Vær
tro mot de små tingene. Det er i dem styrken din ligger.» Moder
Teresa <3
Eg
held på å lese meg litt «opp», og denne stod so klart føre meg å
lese no – FOR eg er tom! Vakum!
Det
kan kome mykje ut av det å vere tom – vere inne i eit vakum.
Faktisk!
Å
vere i nuet – ein fin leveregel.
Lukke
til med nuet, - og god helg!
ane