torsdag 23. oktober 2014

HER OG NO!





Det er vanskeleg med mindfulness i praksis,- når eg står midt i brøddeiga og eine meldinga etter den andre tikkar inn på mobilen. Men, eg klarte å gjere den ferdig – kna den store brøddeiga godt, og forme den til fire like store og deilege brød, plassere dei i brødforma og sette dei til heving. Til og med vaske hendene godt, vaske benkeplata og rydde opp etter meg. Ei bragd! Mindfulness i praksis! Leve i nuet! Gjere ferdig det eg held på med... Ikkje bykse avgarde til neste gjeremål.

Eg fekk omsider sjekka meldingane på mobilen. Interessant! Det tok fokuset mitt nokre minutt.

No står brøda til fòrheving, sola skin i Solsida – og hønene skal ut og spankulere fritt. Då er det nemleg fokus på dei <3

Me hadde besøk av Hønsehauken sist fredag. Han drap Den 4 høna. Fole trist! Nakken tvers av! Heldigvis klarte Gerda, Bip og Prinsesse Tornerose vit til å gøyme seg – raske som dei var. Dei er vaktsame i det dei kikar ut gjennom holet til hønsehuset, den eine etter den andre. Eg kallar på dei «kome då tuppane mine, kom! Kom!» Så kjem dei stolte ut... Dei får brødsmular og nokre risrestar frå middagen i går. Lekkerbiskar for ein Brun Italienar. For det er det dei er: hønene altså! Brune Italienarar! Fint skal det vere. Og dei legg brune egg. Nydelige! Gode! Mor mi vil berre ha desse.... Ikkje butikk-egg!

Raskt spring dei under hønsehuset - noko skremde dei... Er han i nærleiken – hønsehauken? Sikkert og visst, held han eit haukeblikk no når han veit om dei - stakkarane! Eg skal passe godt på... Ha fokus!
Eg har hatt brune Italienarar før, og nokre andre rasar – eksklusive må vite. Det var då eg budde på Hagebøen. Ein tidleg vintermorgon, når eg låg i min og hønene sin beste og søtaste søvn... var han der: hønsehauken – smatt gjennom eit hol inne ved løeveggen, inn holet til hønsegarden. Fullt spetakkel! Du gru! Eg sette avgarde ukledd rett frå senga... Eit syn ingen hadde godt av, og truleg ingen som såg (håpte iallfall det). Fleire døde og nokre skada høner. Eg storskreik og forbante den hauken, der han (ja, faktisk!) stod i den store aska.... Stolt over verket sitt, var han!
Eg skal ikkje skrive det som skjedde i ettertid, (nokre veit!) men hauken kom aldri att! Trur ikkje det er den som har komt til Haddal... Nok om det!

Mindfulness er omvendt av mindlessness! Tilstanden mindlessness vil eg slett ikkje påkalle meg... ein tilstand der ein ikkje er klar over kva ein held på med, fordi alt vert gjort rutinemessig. Dermed får ein ikkje sjå alternative moglegheiter eller endre synspunkt og val... Vi kan ikkje vite om det vi gjer er rett, eller om det eigentleg er slik vi vil ha det, - for vi har ikkje kontakt med vårt indre. Vi kan ikkje måle val opp mot kvarandre, vurdere eller prioritere fordi vi vurderer for raskt og dermed kanskje feil. Ved rutiner og typiske autopilot-tilstandar mister vi altså evna til å sjå alternative moglegheiter og val som ville passa oss betre.
Er vi «mindless», vil vi ikkje vere i stand til å setje pris på det gode som skjer, og leve livet slik det faktisk viser seg her og no.

Eg vil ha sjansen til å smake på kaffien om morgonen, sjå dei vakre haustfargane, høyre elva som suser og kjenne vinden som ruskar meg i håret (det vesle eg har).
Desse, og liknande augneblink er livet, og vi let dei ofte passere, som om dei augneblink i framtida er viktigare enn dette. Kvifor skal ikkje slike augneblink bety like mykje som eit augneblink i framtida? Og dersom vi berre lever for framtida, vil ein då vere i stand til å stoppe opp og sei: «no har eg tid til å kjenne og leve»? Korleis kan ein nyte augeblinket dersom ein aldri har gjort det før, dersom ein ikkje veit korleis ein gjer det, og korleis det kjennest ut? Vil vi eigentleg leve eller berre eksistere?
Mindfulness- meditasjon vert praktisert ved først å fokusere på pusten, for å stabilisere sinnet og finne ro.
Fritt frå boka til Rebekka Th. Egeland( psykolog): «Mindfulness i hverdagen».

«Vær tro mot de små tingene. Det er i dem styrken din ligger.» Moder Teresa <3

Eg held på å lese meg litt «opp», og denne stod so klart føre meg å lese no – FOR eg er tom! Vakum!
Det kan kome mykje ut av det å vere tom – vere inne i eit vakum. Faktisk!

Å vere i nuet – ein fin leveregel.

Lukke til med nuet, - og god helg!

ane

1 kommentar:

  1. Viktig!
    Å vere der ein er. .
    I ettermiddag fekk eg "høyre" Pål Eikrem som har ALS. Veldig sterkt!

    SvarSlett