fredag 26. februar 2016

Broderte puter

Eg eig fem broderte puter,
fire som er arva etter min mann si kjære tante <3

FRED over hennar minne <3

...

...om det var noko eg spesielt ville ha etter henne?
Det var mannen min sitt spørsmål, då han skulle rydde huset etter henne, ilag med alle som var så glad i henne <3

"BRODERTE PUTER",
sa eg...

Han kom heim med desse fire <3


Denne er eg mest begeistra for...
og har vorte hytteputa <3


Denne puta minner meg om barneforeiningstida...
( og svigermor mi meiner at hennar mor( som også er "tante" si mor ) - vann denne puta på ein basar...så kanskje eg har brodert den?)

Eg, og mange med meg fekk gå på "Barneforening" hjå Borghild ( og nokre andre elskverdige mødre), då eg gjekk på barneskulen. Eg meiner å hugse det var annankvar veke. Då fekk me lage mykje fint, som vart lodda ut på basar ein gong i året. 
Høgdepunktet! 
Etter som eg vart eldre, fekk me gå i "tenforening" ( for dei som var tenåringar). Det var ei fantastisk tid, og eg har ofte tenkt på den viktige "jobben"/ "kallet" desse mødrene hadde, for oss og for misjonen. 

Diverre er eg dårleg på å hugse, så er her lesarar som kan tilføre opplysning, så ver snill og del <3


...og ei "bestestove-pute"...


Denne puta er ganske so "sleta", men nydeleg <3

<3

Denne puta fann eg på SUFH sin loppemarked sist haust...den berre låg der og venta på meg <3
( eg betalte kr 30,- for den)


...og den passar perfekt i den nye Ikea-stolen min <3

<3


Dei tre neste putene er knipsa i svigermor si stove...





Som de forstår, er eg "besatt" av gamle broderte puter...dei har ei historie å fortelje...

Er det fleire som kjenner det slik?

Ha ei fin helg <3

Klem frå ANE

tirsdag 23. februar 2016

Garnkuler

Garnkule - bitting


Eg besøkte min gode læremeister i går...
og fekk både inspirasjon til å fortsette, 
ny forsyning med tau og kuler :)


...og her er eg i full sving med ei kule, 
som i starten ikkje er så enkelt, 


men så går det rimeleg greit...


...og etter mange timar 
( eg er utrent), 
så er kula ferdig.

Eg har tre kuler til i same størrelse.
Deretter blir det tynnare tau, 
og mindre kuler.


Eg skal prøve meg på ny bitting også.



Øving gjer meister!

Eg kjenner meg så heldig som har fått denne muligheita til å lære... Det er diverre ikkje mange som kan dette i dagens samfunn, eller? Kan du, eller kjenner du nokon som kan?

Ha ein fin kveld <3

ANE

søndag 7. februar 2016

LUKKE eller lykke

LUKKE
- å ha ei lita hytte <3


...som eg berre kan kome til...


...fyre opp i omnen...


...koke kaffien på primus...


...og berre sette meg ned...


...nyte nykokt kaffe, og ete nista mi, sjokolade, skrive i "hytteboka", lese ei bok, hekle nokre maskar - om eg vil, når eg vil, viss eg har lyst...


...og kike ut gjennom glaset, bruke kikert( om eg vil), 
sjå sola kike fram...
og som freistar meg ut på gåtur ilag med Roffen...


...varme opp kaffien på omnen når eg kjem heim frå gåtur...


...og nyte ein liten påtår på "trammen"...
det er faktisk 
LUKKE 
<3