torsdag 25. januar 2018

Strikk&Tyt


STRIKK&TYT
-
ei samling med damer, som kjem saman for å strikke og tyte...
Enkelt og greit!
Det er fram mot 20 damer som vekslar på å kome, og det er like kjekt kvar gong...iallfall for meg :)

Sist gong var me berre tre, men du verden kor koseleg det var <3



Eg pleier seie til dei, at dei er modige som kjem ;)

Dette er nokre av snopekoppane ein kan velje i,
når STRIKK&TYT - damene kjem på besøk <3

Det har vorte ein "leik"...
...der den som kjem, kan velje sin kopp for kvelden.



Eg har halde på med dette over tid, og har ein god del snopekoppar i skapet.

Det har til og med vorte slik, at folk kjem med snopekopp til meg <3
Eg er overvelda kvar gong dette skjer <3
Eg har snart ikkje plass til fleire...


Nett no held eg på med avslutninga på ein herregensar...og det er ikkje alltid strikketøyet som er viktig ein slik kveld...men tytetøyet ;) :)

Snart vert det samling igjen <3

Eg kjenner meg såååå utruleg takknemleg som får ha desse damene på besøk av og til <3
Dei er eit heilt spesielt krydder i livet mitt <3

Klem frå fruANE
<3

torsdag 18. januar 2018

Kino



Har du sett den?

Eg var på dagkino, saman med ei veninne...ei som viste same engasjementet som meg, om filmen... 

Ein fantastisk film!

Eg var fysisk kvalm av det eg såg og høyrde...


Me vart sitande litt att, for å fordøye, og prate litt...
...og kom i prat med ei dame som sat på same benkerad... Ho kommenterte kor me levde oss inn i filmen, og eg sa litt "fleipete" at "eg kanskje ikkje skulle ha vore på kino, sånn som eg lever meg inn i filmen"
...og så svarte ho: "JA, det skulle dokke kanskje ikkje ha vore".

Me vart so gapne begge to...
...orda og frustrasjonen kom etterpå
...ho klarte å øydelegge litt av opplevinga

...og dette var ein tidlegare kinosjef...
FYYYYY!!!!!

Kva slags kino-publikum er du?

Film er best på kino!

Eg skal snart på kino igjen, og eg skal leve meg inn i filmen...
Blir du med?

FruANE

mandag 15. januar 2018

Kven er du...

Kven er du som les bloggen min?


Eg høyrer av og til at nokon seier dei les bloggen min, og det er kjekt...og frykteleg skummelt.
Dette er folk som eg ikkje trudde hadde noko som helst interesse for å lese eller sjå det eg skriv.

Men TAKK!

Eg kan sjå kva land lesarane mine kjem frå, og sjølvsagt er det mest frå Noreg, naturlegvis...men eg har lesarar frå Russland, Tyskland, Irland, USA, Spania, Frankrike, Ukraina, Vietnam. Skal tru korleis dei finn fram, og om dei forstår noko av det eg skriv? Kanskje dei berre ser på bilder, frå FAGRE NOREG <3

Eg kan dessutan sjå kva nettlesar eller operativsystem lesarane mine brukar... Det er ikkje so interessant for meg.
Eg kan også sjå kva for eit innlegg som er mest sett/ lest... Og ikkje heilt overraskande, er det om Kofter
Gamle kofter
( sjå gjerne det innlegga  frå 2013)

Då eg starta bloggen, var det for min eigen del...ein stad der eg kunne legge ut noko, utan å bli kritisert... Eg vurderte ha ein anonym blogg, men den ideen tok eg fort avstand ifrå.
Målet mitt vart "å dele det eg kjende der og då".

Så; velkomne til det eg deler i 2018 <3
klem frå fru ANE