torsdag 25. januar 2018

Strikk&Tyt


STRIKK&TYT
-
ei samling med damer, som kjem saman for å strikke og tyte...
Enkelt og greit!
Det er fram mot 20 damer som vekslar på å kome, og det er like kjekt kvar gong...iallfall for meg :)

Sist gong var me berre tre, men du verden kor koseleg det var <3



Eg pleier seie til dei, at dei er modige som kjem ;)

Dette er nokre av snopekoppane ein kan velje i,
når STRIKK&TYT - damene kjem på besøk <3

Det har vorte ein "leik"...
...der den som kjem, kan velje sin kopp for kvelden.



Eg har halde på med dette over tid, og har ein god del snopekoppar i skapet.

Det har til og med vorte slik, at folk kjem med snopekopp til meg <3
Eg er overvelda kvar gong dette skjer <3
Eg har snart ikkje plass til fleire...


Nett no held eg på med avslutninga på ein herregensar...og det er ikkje alltid strikketøyet som er viktig ein slik kveld...men tytetøyet ;) :)

Snart vert det samling igjen <3

Eg kjenner meg såååå utruleg takknemleg som får ha desse damene på besøk av og til <3
Dei er eit heilt spesielt krydder i livet mitt <3

Klem frå fruANE
<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar