tirsdag 26. mai 2020

Ein fin liten blome

Ein fin liten blome...


Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herre eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå, 
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ring og små, 
eg føddest til skogblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.

Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!

Johan Alfred Blomberg



På hundeluftarturen denne vakre måndagsmorgonen, fann eg desse vakre skogblomane...
og fekk so lyst til å dele bildet og denne teksta med fleire <3 

Det er mange som har eit forhold til denne songen <3
Songen vart først skriven på svensk, og omsett til nynorsk av Anders Hovden i 1927



Klem fruAne <3





søndag 10. mai 2020

Når ein ikkje når måla sine

Eg er mildt sagt lei av å høyre "toppane" 
og andre uttale seg om alt dei ikkje får gjennomføre grunna coronatida...
og av ting som står på "vent".

Mange med meg kjenner at dette gjeld heile livet...at me ikkje får gjennomføre det me hadde tenkt, og nå dei måla me hadde ein gong. 
Dette kjem av helseutfordringar!

                                                                   
Tenk om me kronisk sjuke skulle gå ut i media heile tida å fortelje om alt me ikkje får gjere...

Eg er berre so lei av å høyre på gramminga, og tek bladet frå munnen no - og får det ut her på bloggen.

Ha ei fin coronatid <3

Lukke til med livet <3

Det ER så mykje meir livet har å by på!!!!!

 Gå inn i deg sjølv, så finn du ut kva som verkeleg er verdt å ta vare på ;) :) ;)

Klem frå fruANE<3