mandag 24. mai 2021

Pinsa 2021

 Det er verkeleg ein luksus

 (som eg skreiv i forrige innlegg)

- å ha ei lita Perle i nærleiken av der me bur...


Fredag kveld før pinse, naut eg kveldssola over Hasundhornet,
 - på terassa med litt bållukt/ lyden av bål, 
med "Syttitallet" av Ketil Bjørnstad
( Verden som var min - eit meisterverk( vil eg seie) 
med bøker frå "1960 tallet" - "siste tiåret" 
( totalt 6 bøker i serien). 

Verdt å lese!!!!!!


Hjørgot klarte ikkje dy seg no helder... 
Ho måtte legge ut "Spøtaplaggje" til pinse...


Hjørgot har "gåande" ein 
#spøtefestivitas 
#samspøt av 
#håser 
fram til 28.mai seint på kveld. 
Eg måtte ta del, sjølvsagt ;) 
Eg torde ikkje anna...

Så eg starta på Skjellsokker av Nina Granlund Sæther.


Laurdag vart eg køyrd til trafostasjonen på Håheim, og "sjøsett" :)


...og fekk "lag" nesten før eg starta på turen, 
av to karar som hadde komt frå Kjeldsund. 
Me preika ein del saman medan me la ut mellom holmane... 
Rart kor mykje ein har å preike om...med folk ein ikkje har preika med før...

Kajakkfolk, altså <3


Eg skulle motsatt veg av det dei skulle, så me skilte lag...
( sjølv om dei freista med kaffe) 
Eg tok av mot Kjeldsund, 
men før eg svinga babord måtte eg ta dette biletet...
mot Haddal <3 
Ringstadhornet og Garnestua i bakkant!


Gjennom Kjeldsundet kom eit fylgje på ca 20 + kajakkar... 
Truleg langvegsfrå, 
og dei såg veldig proffe ut. 
Eg la meg stille, på avstand...
God koronaavstand ;) 


Etter Kjeldsundet, 
før eg runda denne bergknausen( pga vind), 
måtte eg forevige den gamle fabrikken på Hestholmen.
VAKKER!
Tenk om noko ser seg syn med å starte opp noko her <3

Ringstadhornet i bakkant!


Det er eit lite sund...
inn på ei lita vik, 
før eg kjem til Dragsundbrua... 
Der MÅ 
eg innom kvar gong <3 
soooo fint
 <3<3<3

Ringstadhornet i bakkant her også <3


Dragsundbrua - 
der song eg 
"Under den kvite bru, 
seglar ein båt med to. 
Båten den kolva, 
og Anita skreik, 
"Vinjar eg elskar deg!"

Kajakken kolva IKKJE!
Eg kom meg gjennom
( utan møte med andre "båtar" :)


Vedøya!
Her gjekk eg i land...og åt nista mi <3


Det er eit styr å kome seg opp av kajakken, 
utan å hamne i sjøen... 
Det gjekk bra denne gongen også :)


Kvalneset!
Det er eit lite stykke "sjø" mellom Vedøya og Kvalneset...
men å kome dit altså <3

Vakkert <3


"Heim" til støa i Botnen 
- med eige naust <3
Tenk å arve eit slikt naust <3


Dette er Finley - 
ei tispe frå Askøy, 
som kom til Roffen for å pare seg <3

Begge desse hundebilda er "etter" paring <3

Spanande om det blir resultat<3


Ei retteleg god og varm pinsehelg på mange måtar <3

Klem frå fruANE<3

torsdag 20. mai 2021

Luksus

Både før - og etter 17. mai var det kaldt og regn, MEN... 


Flokken vår <3

Sjølve nasjonaldagen vart solfylt og varm <3


18.mai:
Her nyt eg ei ettermiddagsstund under tak( svalgangen på nordvestsida) på Perlå <3 den vesle hytta me har på Fjelle i Ulstein <3 
Det er nydeleg å sitje her - høyre regnet på taket, og sjå korleis det dryp ned i blåbærlyngen...heilt stille, berre lytte... Eg er eigentleg ikkje så god til å sitje slik, men du verden kor godt det gjer <3


Då det vart for kaldt, trekte eg inn i varmen( der hadde eg fyrt opp med det same eg kom...).


Eg måtte 
"lærre" på vindauget etterkvart - og her sette eg dokka eg held på å lage... Ho har fått "hals" og hue, og skal også få ein kjole og ei truse/ shorts. Oppskrifta på denne dokka finn du i "Klompelompe- strikk til små og store anledninger"
<3
Det er eigentleg ein luksus å ha ei slik Perle( les; Perlå) så nære <3 På den måten kan ein reise hit berre for ein kort tur...ei stor avveksling frå å "berre" vere heime <3
<3
Klem frå fruANE
<3

søndag 16. mai 2021

Helsing frå Hjørgot

 Gratulerer med dagen <3


Hjørgot har delt ein "viddio mæ dåkke", sjå lenkja under...

Hjørgot mæ Hå å jådd


Ha ein fin 17.mai 2021


Klem frå fruANE <3