torsdag 20. mai 2021

Luksus

Både før - og etter 17. mai var det kaldt og regn, MEN... 


Flokken vår <3

Sjølve nasjonaldagen vart solfylt og varm <3


18.mai:
Her nyt eg ei ettermiddagsstund under tak( svalgangen på nordvestsida) på Perlå <3 den vesle hytta me har på Fjelle i Ulstein <3 
Det er nydeleg å sitje her - høyre regnet på taket, og sjå korleis det dryp ned i blåbærlyngen...heilt stille, berre lytte... Eg er eigentleg ikkje så god til å sitje slik, men du verden kor godt det gjer <3


Då det vart for kaldt, trekte eg inn i varmen( der hadde eg fyrt opp med det same eg kom...).


Eg måtte 
"lærre" på vindauget etterkvart - og her sette eg dokka eg held på å lage... Ho har fått "hals" og hue, og skal også få ein kjole og ei truse/ shorts. Oppskrifta på denne dokka finn du i "Klompelompe- strikk til små og store anledninger"
<3
Det er eigentleg ein luksus å ha ei slik Perle( les; Perlå) så nære <3 På den måten kan ein reise hit berre for ein kort tur...ei stor avveksling frå å "berre" vere heime <3
<3
Klem frå fruANE
<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar