HJØRGOT er i farta igjen!
Etter at ho har sett og høyrt nokre podcastar, kastar ho seg uti "vidio-påddkast" utan å mukke...
Dette er ikkje ein bake/ matblogg, men om det eg lystar; som livsnytar! Litt filosofisk er eit "bakeri" ein stad der ein klekkjer ut idear eller formar noko "godt"... For meg er det dei kreative sidene i meg...
HJØRGOT er i farta igjen!
Etter at ho har sett og høyrt nokre podcastar, kastar ho seg uti "vidio-påddkast" utan å mukke...
OPPSKRIFT PÅ PANNEBAND
Eg har brukt inspirasjon frå gensarar, vottar og huer - som eg har strikka tidlegare...
Eg brukar garn frå restegarnlageret...
Denne gongen Norsk Pelsull, frå Hillesvåg Ullvarefabrikk - sjå her
Legg opp 56 m., på liten rundpinne nr. 3,5 med grunnfargen ( her er det grått).
Strikk først to pinnar fram og tilbake, slik; 1.pinne: strikk 1 rett. *hent opp 1 m ved å føre den høgre pinnen under venstre pinne og hent opp garnet, 1 rett*, gjenta *-* ut pinnen = 111 mauskar.
2.pinne: *1 rett, 1 vrang*, gjenta *-* til det står att 1 m.
Herifrå skal pannebandet strikkast rundt, og før du gjer det, strikk siste og første mauske saman.
Strikk rundt med vrangmasukane i farge 2, og rettmauskane med grunnfargen heilt til du synest pannebandet er breitt nok... Prøv deg fram ;)
Sidan eg held på med dette pannebandet no, vil eg kome med det ferdige resultatet etterkvart...og resten av oppskrifta... Får sjå korleis det blir til slutt :)
Ha ein fin kveld vidare <3
Klem frå fruANE <3
NB!
Sidan eg har laga eit nytt innlegg...sjå Ventestrikk må eg vise kor langt eg har kome på pannebandet her på bildet. Eg strikka på dette i dag, då eg var på besøk hjå mi kjære veninne Rigmor <3
I dag, på sjølvaste feitetysdag, vart pannebandet ferdig - og klart til bruk.
Det er mest so hjarta sprengest, når eg får ta på meg skia...og berre gå...ei so stor lukke på jord <3
Klem frå fruANE <3
12. februar er det Kinesisk nyttår, men me har feira det...
sidan Jonas skal på sjø når rette dagen er her...
FEBRUAR
JANUAR