Pappa og eg for på sommartur til Bjørke i Hjørundfjorden - for å få med oss opninga av årets utstilling i Bakketunet + + +
Sjå Bakketunet sitt program for sommaren!
Pappa <3 |
Inne frå Kufjøset - mot smia |
Her har Bent Erik Myrvoll utstilling - i kufjøset! |
Han fortalde om korleis kunsten vart forma - ei særs interessann innføring. |
Inne i kufjøset - "Stein på stein" |
I smia |
I dei mange husa i tunet, finn du utstilling både av Astrid, Marita, Simon Vågsholm, Håvar Emdal, Gunn Vottestad og Hilde Rosenberg Barmari ( sjå programmet).
Du får også kjøpe strikkepakkar til Hjørundfjordkofta/Kukofta.
Av Marita Bett Aakre |
Lurt å ha fisketroa i bilen... Viddal! |
"Ta ei bok!" |
Besøk Postkjellaren - Posttausa - nesten nede ved sjøen <3
Kombinert postmuseum, sal av eigen-produserte varer
( gjerne re-design) og nauta gode kaker/ kaffe.
Eg har vore innom Alvhild mange gongar desse åra Bakketunet har halde sommarope... Det var først i dag at me fekk vite me er firmenningar <3 Skareslekta er stor!
Fole gildt å sitje der på den utandørse kafeen, med god prat, kaffe og rabarbrapai&is <3
Ta deg ein søndagstur til Bjørke i sommar, og sjekk ut når det er ope på Postkjellaren <3
fruANE<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar