Klutespøt og drøs...
Når ein sit med eit spøt/ strikk, so tenkjer ein først og fremst på mønsteret/ oppskrifta...men når oppskrifta "sit" i hendene, kan det vere skjære meditasjonen å sitje slik.
Desse to. nei det vart tre klutar - det er slike "terapiklutar". Dei er henta frå Drops Design sine gratisoppskrifter. Eg hadde løyvd tre nøster Paris-bomullsgarn, etter ein kjole eg strikka tidlegare i sommar/ vår( når eg starta, vel og merke).
Det vart ein tredjeklut også...alle tre i ulike mønster ;)
So over til drøs...
Det er frustrerande å ha så mange ord inne i seg som vil ut, men når orda først skal formulerast blir alt så komplisert. Orda inne i meg er tankar, berre!
Det å lese romanar av ulike forfattarar gjer at eg også har lyst til å skrive... Ikkje sånn å forstå at eg kan likestille meg på noko vis. Nei!!!
Eg har nokre utkast etter som åra har gått, men kjem ikkje lenger... Kanskje det er nok? Det er slett ikkje sikkert eg skal skrive noko bok, men vere fornøgd med det eg skriv i dagboka, her på bloggen, nokre word-dokument og notat på mobilen.
Ketil Bjørnstad skriv so fint:
" Den evige tvilen.
Å være skapende er å tvile".
Slik er det, berre!
Skap deg ein fin dag/kveld <3
fruANE<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar