mandag 5. mars 2018

Kofter

Eg fekk spørsmål frå ei veninne om kor mange kofter eg har... Eg visste ikkje det på ståande fot, og                                                              hadde ei oppteljing. 
Setesdalskofta til mamma <3
Eg har ikkje tal på kor mange kofter mor mi har strikka opp gjennom tidene... Då bror min og eg var små, var det vanleg at ho strikka kofter til heile familien, i same mønster...og me hadde kofter i mange ulike mønster. Eg er imponert over korleis ho makta å lage så mange av same mønster. 
Om du vil, kan du sjå nokre tidlegare blogginnlegg om 
Strikkemønster 
Kofter 
Gamle kofter

Mamma og eg strikka Setesdalskofta til eit tysk vennepar av familien. Dei fekk det til ein stor dag, som eg ikkje hugsar i detalj... Det er nokre år sidan no.

Dette mønsteret er eit mysterium, då eg ikkje har funne att oppskrifta. Er det nokon som kan hjelpe?
Kofta er altfor stor til meg, og dei i familien min...så vurderer å selge den...

Gretekofta, med oppskrift frå boka "Bystrikk", av Ingunn Myklebust - Knitting Inna.
Dette er yndlingskofta mi <3

Damekofta BMT - som eg meiner stod på trykk i Kofteboken 1 eller 2...
Denne kofta har yngste dotter mi teke seg av ;) <3
"Jonsrud" - ei kofte som mor mi ville bli kvitt for nokre år sidan, og som eg "tok meg av" :)



Original-oppskrifta.


Eg har samla alle oppskrifter etter mor mi, noko eg er glad for. Elles hadde dei vore tapt. Ho har hatt ein tendens til å kvitte seg med gamalt "skrot"... Ein vakker dag er alle `80-tals-oppskriftene på mote att ;)

Ha ei fin-fin veke <3