mandag 26. september 2016

STORSJAL


Handstrikka
STORSJAL
i alpakka/silke
(77 % alpakka, 23% silke)


Desse er ; Juni, Juli og August-sjala <3


Dette er bestilt til ei 93 år gamal dame <3


Gåvepakning!


"Alt godt til deg & sjalet" <3


Lysegrått og grønt storsjal...


...vart bestilt då eg la det ut på facebook sist måndag,
som 50 års gåve <3
Storsjalet vart sendt i posten dagen etter...
<3


Same dag fekk eg bestilling på eit nytt grønt storsjal, så her går det unna...
,,,og eg er berre glad for at folk likar storsjala mine <3


Kjøpte garn i ein annan kvalitet...berre for at eg likte fargen på garnet so godt
(litt melert, men det kjem ikkje fram på bilda her, diverre)
Sandnes garn; TWEED
(40 % baby alpakka, 32 % viskose, 20 % polyamid og 8 % merinoull)
" Lekker og luftig børstet tweed som gir et ekslusivt uttrykk. Myk, lett og behagelig å ha på seg".


...som florlett slør, og som varmar deg <3


Her er fargane + den grøne <3

Det hender eg får bilde frå storsjal-brukarar, og det er såååå koseleg... Kjekt å sjå at folk brukar storsjala til fest og fritid, sommar som vinter <3
Kjenner du nokon som treng eit storsjal, eller vil ha eit sjølv, så ta kontakt med meg på telefon 92685451
No er eg å finne på Instagram,- under #anestorsjal

Ha ein fin haust der ute 
<3


søndag 18. september 2016

Lykkelege mennesker leser og drikker kaffe

...og TE,
som mine kjekke venner på fb kommenterer...


Boka om Diane som mista mann og barn i ei tragisk trafikkulukke...
reisa til den irske landsbygda, 
og som etter lang tid går tilbake til bokkafeen sin i Paris...


Nett det å drive bokkafe høyrest heilt fantastisk ut...
...gjerne ein krok med herleg garn og ditto aktivitet...


Drøyme! Drøyme! Drøyme!


Det billegaste og tryggaste er å leve i draumen...
lese sine bøker og drikke sin kaffe( og te) der det sømer seg :)

<3

Nokon av mine lesarar som har ein bokkafe dei har besøkt/ kjenner til?

<3

Eg fekk beskjed frå ein av mine hemmelege lesarar ( Les; som ikkje legg att kommentar...), via andre personar om at eg måtte blogge igjen... Det var so lenge sidan sist, sa ho... Dermed vert dette til deg, og alle hine - Ingrid ;)

Takk for inspirasjonen <3