fredag 26. februar 2016

Broderte puter

Eg eig fem broderte puter,
fire som er arva etter min mann si kjære tante <3

FRED over hennar minne <3

...

...om det var noko eg spesielt ville ha etter henne?
Det var mannen min sitt spørsmål, då han skulle rydde huset etter henne, ilag med alle som var så glad i henne <3

"BRODERTE PUTER",
sa eg...

Han kom heim med desse fire <3


Denne er eg mest begeistra for...
og har vorte hytteputa <3


Denne puta minner meg om barneforeiningstida...
( og svigermor mi meiner at hennar mor( som også er "tante" si mor ) - vann denne puta på ein basar...så kanskje eg har brodert den?)

Eg, og mange med meg fekk gå på "Barneforening" hjå Borghild ( og nokre andre elskverdige mødre), då eg gjekk på barneskulen. Eg meiner å hugse det var annankvar veke. Då fekk me lage mykje fint, som vart lodda ut på basar ein gong i året. 
Høgdepunktet! 
Etter som eg vart eldre, fekk me gå i "tenforening" ( for dei som var tenåringar). Det var ei fantastisk tid, og eg har ofte tenkt på den viktige "jobben"/ "kallet" desse mødrene hadde, for oss og for misjonen. 

Diverre er eg dårleg på å hugse, så er her lesarar som kan tilføre opplysning, så ver snill og del <3


...og ei "bestestove-pute"...


Denne puta er ganske so "sleta", men nydeleg <3

<3

Denne puta fann eg på SUFH sin loppemarked sist haust...den berre låg der og venta på meg <3
( eg betalte kr 30,- for den)


...og den passar perfekt i den nye Ikea-stolen min <3

<3


Dei tre neste putene er knipsa i svigermor si stove...





Som de forstår, er eg "besatt" av gamle broderte puter...dei har ei historie å fortelje...

Er det fleire som kjenner det slik?

Ha ei fin helg <3

Klem frå ANE

2 kommentarer:

  1. Svar
    1. Så sant, så sant! Har "funne" fleire puteskattar no 😇👍👌er sååååå glad i dei 💜

      Slett