fredag 23. april 2021

HJØRGOT - og HÅSINJE hinnja

Litt om Hjørgot <3


Hjørgot har vore i livet mitt, sidan eg dreiv revy i Hasundgot tidleg på 90 talet.


Første "lådd"-runde i nabolaget

Ho kom til meg att, etter ei lang pause hausten 2019, i ein litt meir moderne vri...der gjenbruk står i fokus.

Hjørgot elskar bruktbutikkar i alle former, noko som "heimen" og livet hennar er sterkt prega av.

Hjørgot er ei godt vaksa tausakjæring som bryr seg om det meste, men ikkje alltid har greie på det ho uttalar seg om. Ho tikst ha greie på det meste, og pratar med dei fleste folk som kjem i hennar veg.


Her er væskå ho kjøpte på brukten

Ho var på brukten i Ørsta for å finne seg klede, sko og handveske, og feira det med ei låddronde i nabolaget same kveld.




Den første gongen ho var offentleg, var på eit besøk på anlegget SSR i Saunesmarka, i Ulstein. Der fekk ho ei trilljevæske til odel og eige, sidan ho hadde vore på utkik etter ei slik... Monica med C, og flokken hennar på ssr hadde vore på jakt etter den, og brått ein dag var den der.

Til Hjørgot si store glede!

Etter ei omvisning på "bruket" og helste på arbeidarane der, også øvste sjefen, fekk ho med seg både blomsterkrukke i keramikk og ein stor krans, som ho hengde over hovudet. Slik gjekk ho derifrå den ettermiddagen, og vart "henta" av dei ho leige rom i kjellaren med.


På fellesøving med Ulf og Hdu



På biblioteket

På korøving med Hemingen


Sidan då, har det vorte fleire "turar" i offentlegheita, som vitjing hjå Bibliotekven Kristin på Stykkja på Biblioteket, fellesøving av Hdu og Ulf der ho sjølv spelte på klarinetten sin, korøving med Hemingen der ho både song åverstemmå og dirigerte litt, - alt dette før corona.

Sist haust vart det haustmesse i Haddal, der hadde ho sin eigen stand, der ho selde håser, og entusiastisk fortalde folk om dei ulike teknikkane ho brukte.

Før jul vart det utstilling med Julegeitene på Amfi i Ulsteinvik, med ei runde på husa for å snakke med folk, sjølvsagt med ein meters avstand. Ho hadde med seg meteren!

Spøtepåddkast nommer 1

Spøtepåddkast nommer 2 

På nyåret fekk ho mykje tid til å lytte og sjå strikkepodcastar, og fekk hug til å lage sin eigen.

Spøtepåddkast nommer 1, 2, 3 og 4 har sett dagens lys, og ligg ute på Facebook sida hennar.

Ho har også sin eigen Instagramkonto, der ho når eit større publikum enn dei som er på feisbokja.


Spøtepåddkast nommer trei

Her er nokre av kaffikåppanje


Hjørgot tek det som det lagar seg, og brått er ho på farta att. Ho håpar på å få vaksine snart, slik at ho får farte litt meir rundt.

Her deler ho villeg ei tilnærming av Hjørgot-håsinja...for den som vil spøte dei ;)
VERSÅGOD!

Frå Spøtepåddkast nommer 4


 "Hjørgot - håse nommer 1" - frå brotet og til tå.

Legg opp 30 mauskar! Strikk først to pinnar fram og tilbake, slik; 1.pinne: strikk 1 rett. hent opp 1 m ved å føre den høgre pinnen under venstre pinne og hent opp garnet, 1 rett, gjenta - ut pinnen = 59 mauskar på pinnen. 2.pinne: 1 rett, 1 vrang, gjenta - til det står att 1 m. Herifrå skal brotet på Hjørgot-håsinje strikkast rundt, og før du gjer det, strikk siste og første mauske saman. Strikk rundt med vrangmauskane i farge 2, og rettmauskane med grunnfargen heilt til du synest brotet er breitt nok... 4 omg. gult, før mønsterbord (sjå rapport). Hæl: strikk halvparten av mauskane til hæl, fram og tilbake ca 6 cm. Tradisjonell hælfelling! Ta opp langs sidene på hælen, og fell på kvar omg., på hælkappa til 50 mauskar. Strikk mønsterbord(motsatt frå sist). Etter borda, strikk til 5 cm før felling av tåa. Fell på 2.kvar omg. 4 gongar, deretter kvar omg til ca 14 mauskar. Snurp ihop og fest enden godt. Fest endar! Klar til bruk😉




"Hjørgot - håse nommer 2", frå tåa og opp... Starten er henta frå "tåoppbladsokker: "Legg opp 8 masker fordelt på 2 korte rundpinner nr. 3, ev. 4 settpinner. Omgangen begynner i siden av sokken, og maskene til oversiden av sokken strikkes først. Sett et merke her. Strikk slik diagrammet viser. Strikk 1 omgang over alle maskene. På neste omgang økes det ved å strikke 2 ganger i hver maske slik: Strikk rett, men behold masken på venstre pinne. Strikk masken en gang til, men denne gang i bakerste del av masken. Strikk 1 omgang rett. På neste omgang strikkes det
1 rett, 2 masker i 1 maske som tidligere. Gjenta fra * til * omgangen ut. Strikk 1 omgang rett". Fortset auke slik 2.kvar omg til du har 60 mauskar. Strikk mønsterborda nedanfrå og opp, og fortset med grunnfarge til du startar med helfellinga. Hælfelling: "Det skal nå strikkes hæl fram og tilbake over de glattstrikkede maskene på undersiden av sokken mens maskene på oversiden hviler. Vendingene gjøres ved å lage kast rundt den neste masken på pinnen som ikke skal strikkes før arbeidet snus på følgende måte: Hele hælen skal strikkes i glattstrikk (med retten ut). Den første pinnen til hælen blir fra vrangen. Strikk 29 masker, til det gjenstår 1 maske på pinnen. Ta den siste masken løs over på høyre pinne uten å strikke den, legg tråden rundt masken og sett masken tilbake på venstre pinne. Snu arbeidet og strikk 28 masker, ta neste maske løs av og kast tråden rundt masken før du setter den tilbake på venstre pinne igjen. Fortsett slik fram og tilbake og strikk 1 maske mindre for hver vending til det gjenstår 12 masker midt på pinnen. Du har nå strikket den første halvdelen av hælen. Den andre halvdelen av hælen skal også strikkes ved hjelp av vendinger, men nå skal det strikkes 1 maske mer for hver vending. Kastene du har laget skal nå strikkes opp, ett og ett, ved å strikke kastet rundt masken rett (fra retten) eller vrangt (fra vrangen) sammen med neste maske slik: Den førstepinnen er fra vrangen. Strikk 12 masker, plukk opp kastet rundt masken og strikk det vrangt sammen med masken med kastet. Snu arbeidet, ta den første masken løs av uten å strikke den, strikk 13 masker, plukk opp kastet rundt masken og strikk det rett sammen med masken med kastet. Snu arbeidet, ta den første masken løst av uten å strikke den og fortsett slik det er beskrevet, men det skal strikkes 1 maske mer for hver vending. Fortsett slik fram og tilbake til alle kastene er strikket opp og du igjen strikker over 30 masker. Avslutt med 1 pinne fra retten". Strikk mønsterbord ovanfrå og ned. Vidare: strikk brotet, som ved den andre "håså", så latvisk flette
😉og heilt til slutt italiensk avfelling 😉😉😉 Lukke til😍

Sjå;


Dersom du vil vere med på #samstrikk #samspøt av håser på facebook og instagram, 
merk med  #spøtefestivitas #samstrikk #samspøt og dersom du lagar Hjørgot-håsene, 
merk med #Hjørgothåsinje

FruANE <3



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar