fredag 9. april 2021

MARS OG APRIL

 Kalendarbileta for mars og april kjem her...


Mars er første vårmånaden - min månad, på mange måtar <3 Vinjar og eg feira 30 års bryllaupsdag 30.mars - perlebryllaup <3 ei bragd i vår tid, seier nokre... 
Sidan korona har sett ein dempar på det meste, vart det ei beskjeden feiring - men likevel ein fin dag, saman med born og svigerborn, i hagen. 

Eg hadde laga 8 stk "eggluer", såkalla  
#strikkefeberpåskelue med oppsrift frå 


Inni desse huene hadde eg Kinderegg( trudde eg), og gøymt dei i hagen. Det vart duka for påskeeggjakt, med innhald ... (ja, eg er barnsleg - og er takknemleg for dette barnet i meg).
PSSST! Me var snytheldige med veret ;) 

Så tok sjølve Påskeleikane til! 

Lagkonkurranse, der kvart par skulle konkurrere mot kvarandre... 
( og eg skal ikkje "plage" dokker med innhaldet her :) ;)

Eg har alltid hatt lyst til å få til ein slik MM - utgåve( mesternes mester) tilrettelagt for vår vesle familie. 
I år vart det testa ut, som ein del av bryllaupsfeiringa( nokre dagar før sjølve dagen, 
men sidan eldste son skulle på sjøen, måtte me ta det denne dagen 
- palmelaurdag( det heiter ikkje det altså, men likevel... :)

Det seirande paret fekk ein stor innepakka premie, og det vart ein liten premie til alle <3

For å toppe det heile, hadde eg bestilt sushi frå Willy


Eg er fole takknemleg for denne dagen <3


Innhaldet i kaffelars, var ein liten del av konkurransa...


30.mars - feira me toane på Perlå - vår <3 med grillpølser på bål <3 nauta romantisk <3
...og dagen derpå feira eg 56 års dag...

Ingen stor dag, men takknemleg for kvar dag eg får( som dei seier gamlefolkjet ;)


Eg køyrde far min ( sidan han går på cellegiftkur får han ikkje køyre bil sjølv - til hans store fortviling) til hytta si i Aldalen, og hadde "flaggheising" der, før eg skunda meg heim... 

Eg skulle rekke streaming av ei gravferd frå Ørsta 
( der mannen til ei veninne døde etter kort tids sjukdom. 
Frykteleg trist :(

Dagen var så trist, men eg steikte vafler ute, og brende bål i bålpanna. Denne dagen var det finaste veret for heile påska, faktisk!

Eg fekk nokre vårgjæler denne dagen :)


Så kom APRIL


...og i skrivande stund, er påska over. Kvardagane er her igjen, på godt og vondt...

Både Jonas- og Solveig- vår har bursdag i april, og det er også noko å glede seg over <3 <3 

No skal eg stoppe her, og ønskjer deg ein god VÅR <3

Klem frå fruANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar