lørdag 20. februar 2021

HJØRGOT med vidio-påddkast

 HJØRGOT er i farta igjen! 

Etter at ho har sett og høyrt nokre podcastar, kastar ho seg uti "vidio-påddkast" utan å mukke... 



Her har ho rigga seg til...


...og som "alle" andre, har ho "manuskript"... Her skriv ho ned det ho skal seie...men seier mykje meir enn det som står skrive...


Dette "håseparet" fekk ikkje nok garn, og måtte skøytast på med ein rest frå "kårja" si.


Med litt hoste, hjelp det med ein "styrketår"...


Desse klutane er hekla i teknikken C2C - hjørne til hjørne,  og som ho har kursa oss i før... Det ligg "vidiokurs" på sida hennar.


Vevstrikk er "fole pænt" - "heilt nydli", som dei seier på "påddanje"


Kvalitetsgarn til "håse", "de ekje nåke tollj".


På "ennj ta påddanje" fortel ei om å teikne "sklisikring" under sokkane... 
Det må ho kanskje kjøpe seg...


"Koftå" er strikka av mor hennar, og heiter Jonsrud. Den "ervde" ho etter far sin...


...og er nokså tynnsliten på ermebrotet. Ho ber om tips til å reparere!


I finevæskå si har ho kamferdrops og munnbind, i tilfelle ho treng det...


Og nett denne finevæskå er kjøpt på "broktenj".


Ho har ikkje tru på desse bretta ein måler pinnetjukkelse på. Nei, her er det berre skyvelære som tel!

Dersom du vil, kan du følge HJØRGOT på Facebook. Ho har si eiga side der! Ho er ikkje so aktiv, men har seg ei runde no og då...alt etter korleis "forma" er. No er ho "på stigande", enn so lenge...
 No ligg det ute ein "vidio-påddkast", som ho kallar det, etter inspirasjon frå andre påddar.

Ha ei fin helg!

Klem frå fruANE<3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar