mandag 1. februar 2021

Kinesisk nyttår

 12. februar er det Kinesisk nyttår, men me har feira det...

sidan Jonas skal på sjø når rette dagen er her...


På blomsterbutikken, "Løvens Hule" i Ulsteinvik- denne flotte blomsterbuketten er laga av Mayleen, til Sisi.  Eg ville gje henne ei lita oppmuntring <3 mellom anna fordi ho hadde fullført ein av sine eksamenar i Noreg <3
 Sisi er svigerdøtra vår, og kjem frå Shenzhen i Kina.

Sisi kom til Noreg i juli, etter nedstenging( som alle veit). I august starta ho på skule, for å lære seg norsk, og har vore flittig og særs flink <3  
Innimellom har ho teke køyretimar og lærekøyrt med Jonas og meg( når han har vore på sjø). Ho hadde sertifikat frå Kina, men måtte ha ei oppkøyring her, innan ei viss tid... I januar fekk ho sertifikatet!
Er det anna vente eg er stolt av henne? Eg må få skryte litt... 

Sjå  innlegg om gjenforening her: Sisi og Jonas



Fredag sat me altså benka rundt bordet hjå Sisi og Jonas, og fekk servert ekte Kinesiske rettar <3 
...verkeleg for mine ganer, altså...


Dette heng på vindauget vårt, og tyder: 
FEM
LYKKE 
BANKAR
DØRA
<3


Det er vanleg å gje kvarandre "RED POCKET". 
Det er ein konvolutt med ei pengegåve i...


Eg er så glad i, takknemleg og stolt av svigerdøtra vår <3 <3 <3

Klem frå fruANE <3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar