lørdag 9. februar 2013

Skitur!

Årets første skitur!


Eg er så stolt av bambus-stavane mine! 
Det har ikkje alltid vore slik. Eg har hatt dei all min dag, iallfall sidan lengda på kroppen tilsa eg måtte ha slik lengd... Kan hugse eg var den einaste av mine venner og skulekameratar som hadde denne sorten. 
Då var eg flau!
Men etter den tid, er det berre stas å ta fram bambus-stavane. 

Som livsnytar og sjølvstendig individ kan eg ta meg ein skitur, noko eg likar veldig godt; åleine!
Ingen treng fortelje meg kvar, når og korleis ferda skal gå...
...og tankane er berre mine...


Dette biletet la eg ut på facebook...og jammen fekk eg mange "liker" og nokre kommentarar. 
Det er alltid kjekt! 
Vi er sånn; likar få merksemd!

Tilbake til det å blogge...for det er vel nett det som er "saka" vår? 
Likar å få merksemd for det me styrer med? 
Likar få merksemd rundt det me publiserer?
Korleis er det med deg?

Ha ein fin solskinsdag!
ANE

2 kommentarer:

  1. Bambusstaver er flott! Liker også best å gå på ski i eget tempo og etter eget valg. Har eg fotoapparatet med er gjerne vottene mere av enn på. og det blir mange knipse-pauser.

    Positiv oppmerksomhet liker vel de fleste.
    Har heldigvis bare fått snille og gode kommentarer, på bloggen.
    Er ikkje på facebook.

    Ha ein fin dag! Klem,

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er kjekt å skrive blogg, for her inne er dei fleste "snille", og skriv koselege kommentarar.
      Facebook brukar eg til å "treffe" venner, som bur for langt borte...men du verden for ein tidstjuv!
      Ha ein fin dag du også, i turløypa eller ein annan stad.

      Slett