fredag 15. mars 2013

Skapet med det rare i...

Generelt synest eg det er litt vanskeleg å skrive tittel på eit nytt innlegg, og i dag særleg...
I fjor sommar selde me hytta vår, ei lita 40 m2 stor tømmerhytte, til fordel for ein bubil.
Me angrar ikkje endå...
På flyttelasset heim, tok me sjølvsagt med dette skapet. Det rigga godt i hjørnet på stova.
Det er både slite og noko øydelagt, men det bryr meg veldig lite...
Inni skapet er det iallfall plass til mykje...


Kaffikanne og sukkerskål...


...med ein liten farmorduk...


Detalj!


Inn i hjørnet står eit gamalt fat, ''nattverden''


Suppeterrin...


...og sausnebb (frå mi kjære farmor).
Her vart hennar deilege kjøtkaker med tilhøyrande saus til, servert...mmmmm


 Miniatyrsett 1...


2...


Dette hadde eg som barn, og leika med det, kan eg hugse...
tenk at mor mi let meg gjere det.
Eg var forsiktig!
...berre eit lite skår i eine koppen, men det trur eg kom ved flytting ein eller annan gong.


Eg har samlemani...eller ''svak'' for fine ting...


...og glas er ein av dei mange fine...



Sjå berre den fine broderte brikka dei står på!


Denne vakre koppen, med tefat under, er ein skatt.
Den er utruleg tynn og skjør.
Eg forelska meg heilt i denne, på ein Gjenbruksbutikk.
Veninna mi, som registrerte det heile, fekk mannen sin til å kjøpe denne skatten i all hemmeligheit...
Gjett om eg vart glad!
Fin?


 Denne er også fin!
Denne koppen med tefat og asjett har eg til fire...
Svigermor skulle flytte, og eg fekk m.a. dette. Kvar gong ho er på besøk, prøver eg servere kaffien i desse flortynne koppane. Ho meiner kaffien smakar betre i tynne koppar...
Erfaringar å dele?


Ein annan kopp!
Denne stod so einsam og forlatt på ein gjenbruksbutikk, og sidan eg var glad i oransje på den tida, fekk den meg som eigar. Eg betalte nok ikkje mange kronene for den, men den er då søt?


 ...og den har fått denne vesle brikka under seg...
eg kan ikkje hugse kvar den kjem ifrå, men eitt er sikkert, det blir teke vare på her med meg...
Slik er eg!
Ein skal ikkje samle seg skattar på jorda, men du verden kor gildt det er å ta vare på desse skattane medan ein lever...
Det er då viktig?
Dette innlegget vart til då eg låg nede for teljing, influensasjuk og smittefarleg...

Ønskjer deg ei god helg!
ANE


2 kommentarer:

  1. Finfint skap - med vakre ting:) Å bytte bort hytte med bubil høres drastisk ut, DER er jeg ikke helt med.... er alt for glad i enkelt hytteliv til å bytte bort hytta mi altså;) Men; kanskje kommer man dit en dag - hytter er jo ganske stasjonære da.....og verden er jo stor og spennende:) Klem fra godstolen, nå MÅ jeg bare ut i sola tror jeg;

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, og takk for koseleg kommentar! JA, hytteliv er greit til ei viss grad...men ser at bubil-livet er endå betre. Har vore på mange fine plassar og gått turar både i skog om mark, fjell og fjøre, samt ein del sykkelturar. Heldigvis har me ikkje angra på salget av hytta :) Nyt sola! Klem

      Slett