tirsdag 10. september 2013

HØNER

Sovidt heimattekomne frå langtur i tre veker...bestilte eg tre brune høner, av typen brun italienar.
Når eg skulle få dei? Tja, i starten eller i slutten av august...hmmm...skeptisk, men me starta å bygge hønsehuset,- klar til innflytting når dei var ventande.


Første veka på jobb, etter ferien - vart det strålande ver! Då kom også energien... Utebuda vart tømt, som de ser.......og kan ein få plass til so mykje i ei lita utebod? Jepp!


Buda vart høgtrykkspylt, og mala kvit ( to strøk). Og inni vart den delt opp, slik at hønene skulle få bu i den eine delen, og litt anna i den andre... Gjenbruk! Me har ikkje kjøpt noko materiale, men brukt gamalt og litt liggande. Kjekt!


Verpekassa, er ei skuffe frå ein gamal kjøkenbenk...den kan dragast ut på det brune skapet, som er eit veldig gamalt skap - der diverse kan lagrast...


Det var flaks at hønene kom... 
Då eg ringde, i slutten av augustmånad, utan å høyre noko, ana eg noko ekkelt... Eg traff fruen( ei eldre dame), som sa kalljen var på tokt i nordre del av fylket, for å levere verpeklare kjuklingar...
Å, jamen sa eg - nær gråtepunktet -  
eg som har venta i heile august, - har laga heilt nytt hønsehus og hønsegarde, skal eg ikkje få?
Ho sa "eg kan ikkje love noko, men dersom dei har igjen på slutten av dagen, skal du få...men du må kome til Volda..." 
Ja! Ja! tenkte eg... Litt etterpå ringde denne dama omatt, og sa ho hadde tala med gubben, og sagt dei skulle spare tre brune italienerar til meg. "Klart det, sa ho - med nytt hønsehus - og hønsegarde, skal du ha hønene dine..." 
Eg jubla i telefonen, og sa ho var ein engel!


Same kvelden  <3


...og sjå kor dei kosa seg...dei fire som dukka opp i kassa, levert på ei busslomme i bygda... Eg spurte om der var tre, jada, sa ungfolen som leverte... eg hadde betalt for tre, der kom fire!


Sidan me hadde nokre tyske vener på besøk, fekk dei finne eit typisk tysk hønsenamn: 
BIP   -   so det er eine namnet, men det er uråd å sjå forskjel på dei fire endå...
Nabojenta på fire, skal få gi den eine eit prinsessenamn...
så har me " DEN 4. HØNA" (ho blir nok heitande det).
Eg har fortsatt ei å gi namn til - forslag?
Mine tidlegar høner har hatt namn som...Gerda, Gyda, Pricilla, m.fl. 


Slik vart det sjåande ut til slutt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar