Eg fekk
"Lev Landlig"
i postkassa,
og med det er eg
"ute på tur"
i tankane,
og
drøymer
meg vekk
frå det livet eg lever...
Eg har det veldig landlig her eg bur,
i enden av eit byggefelt,
og fotballstadion på andre sida...
eg har det iallfall stilt,
slik at eg høyrer fuglane syng,
og elva som buldrar nedi hogget...
Hønene fekk rom i eit utrangert uthus,
og med litt maling og slik,
so vart det veldig triveleg
( sjå evt tidlegare blogginnlegg).
Katt har eg også,
der ho kveilar seg lat i stolen ved sidan av meg,
- der eg sit i den andre stolen og nyt favorittbladet mitt
<3
LUKKE!
I påska reiste gemalen og eg på ein bobiltur,
til mitt barndoms Paradis...
...og i nærleiken av det,
nytta me høvet til ein alri so liten Paddesafari
<3
Eg let meg stadig
forbause og fasinere
meg av denne vesle planta
HESTEHOV
der ho kjempar seg gjennom asfalten...
Ho minner meg om det eg sjølv ofte må,
kjempe meg gjennom strabasene...
...kanskje difor ho fasinerer?
Som barn,
og no som vaksen,
likar eg oppsøkje ski-eldoradoet mitt <3
...og undrar meg over fylkes-grense-merkingane,
før og no...
1.påskedag
skein sola frå ein knallblå himmel,
og eg gjekk tur på
gamle tufter...
...som eg aldri klarer "legge frå meg"
<3
...og rett ved "sessen" min,
ei lita
MARIHØNE
<3
Er det eit teikn?
Sjuprikka marihøne
(Coccinella septempunctata)
er den mest vanlege marihønearten i Europa.
Ho er lett å kjenne att på dei sterkt raude dekkvengjene sine med dei totalt sju prikkane - tre på kvar side og ei på midten framme.
Ein finn sjuprikka marihøner i mange ulike miljø, men er vanlegast i låg urtevegetasjon.
Som regel klarar ho seg fint så lenge det finstbladlus,
som både dei vaksne og larvane er aggressive predatorar på.
Av denne grunnen har dei vorte innførd fleire stadar sombiologisk skadedyrkontroll.
Sjuprikka marihøne overvintrar som imago på bakken,
ofte samla ved stubbar i høg vegetasjon.
Nedetter elva,
med TROHUSET
i bakgrunnen
<3
Og gamle murar etter
SAGA
Nokre kjekke "naboar"
kom inn til lands med dagens fangst.
Ein ørret på ca 1,5 kg,
og fire nydelege kreder
<3
grilla på bål
2. påskedag
- fjolls til fjells -
Takk for besøket
<3
og velkomen igjen :)
Hei,
SvarSlettNydelige naturbilder,
Det ser ut til at, du gleder deg over de "små" tinga i naturen og ellers,
Ha ein fin dag, Klem,
Takk, Mira <3 ja, det er dei små tinga som betyr noko i det store livsbildet <3 klem, og takk for inputt!
Slett