Blåtur
-ut på tur, aldri sur ;)
Kle deg sportsleg, godt fottøy.
Ta med klesskift til noko "casual"
Smilet på lur :)
Eg tek ansvar for næringa ;) men kan trenge litt hjelp undervegs...
Avreise kl 10, i "rotta" - heime i kveldinga...
From "the only ONE - MOM <3
Dette var meldinga dei fekk dagen før avreise... Då visste dei på førehand at dei skulle vere disponible heile dagen...
Gjengen var allereie i bilen før kl 10...snakk om gira turfølge ;)
Eventyret om "dei tre bukkane bruse", vart fortalt mang ein gong i barndomen... På vegen frå Volda til Austefjord er dei tre bukkane ei pryd, for den som vil stanse og kike...
Mang ein turist er fotografert ved denne attraksjonen, - så også me <3
...som bar på nokre utfordringar...
Kjempe morosamt!
Før Grodås, køyrde me over fjellet til Hellesylt...
og tok formiddagskaffien på
...som serverte kanelsnurrar frå Geiranger Bakeri
...og sjølvsagt over brua - med det kjende motivet av fossen -
til Devold - utsalget
Etter litt fornying av ullklede frå Devold,
kunne me starte på vegen over
...kjekt med sjølvutløysarkamera...
...og veldig kjekt med klatring, sjølv etter ein har vorte "vaksne"...
Diverre kom regnet, men det stoppar ikkje nokre Sunnmøringar på tur...
Mottoet: "Ut på tur, aldri sur"!
Tilbake til bilen,
med kattavask på doen,
fekk me tørre og reine klede på skrottane...
...og kunne sitje ved peisen på Hotel Union Øye for å få varmen i oss...
og ete den kjende eplekaka med is på & kaffe
...og litt omvisning på hotellet gjorde seg...
Såååå kjekt på tur med desse folka mine <3
Turen vart avslutta med kinesisk mat på restaurant i Ørsta...
<3
Alle var nøgde med at det hadde vore ein kjekke dag <3
...og det vert ikkje den siste...
I dag var me på familiefotografering hjå sjølvaste
Gler oss til å sjå<3
Takk for no, og ha det bra ;) :)
Takk for turen:) Kjekt å lese og kjekt å sjå på alle bileta.
SvarSlettVersågod ;)
SvarSlett