fredag 18. november 2016

Adventsmarknad


Eg fekk ein "Adventsmarknads-idè"!




Det heile byrja med at eg elskar å fare på nokre få herlege og utvalde julemesser...
som "kikar og snopar" 
- ikkje utstillar.
Etter at eg vart delvis ufør, og har slite med helsa mi over fleire år...har dette med å stille meg ut på messer vore ei stor barriere. 
Ære vere dei som klarar det! Eg beundrar dei!


Eg likar ikkje ordet "julemesse" i oktober og november...
...og heller ikkje ha noko "julestempla"- aktivitet før desember...
...men...


Dei to førre bileta er frå Vike Petter løda  i Gursken
 - ein oase for alle som likar den slags oasar....
EG BERRE ELSKAR DENNE PLASSEN!
Etter denne herlege dagen ( eg var der i fire (4) timar :), "leika" eg med ein idè... 

"Adventsmarknad"

Eg ville invitere folk til å sjå kva eg laga, og kanskje ville dei kjøpe noko dei likte...men korleis, utan å stille på julemesser? Nemleg på Facebook! Eg laga eit arrangement som eg kallar "Adventsmarknad", og inviterte fb-venene mine til å ta del...uansett kvar dei bur...for poenget er at produkta skal presenterast i bilde- og forklaring i dagane før 1. desember.  Når desember kjem, kan dei som vil av vener og familie avtale å kome innom meg for å sjå på, ta i produkta og evt. kjøpe med seg heim... For dei som bur lengre vekk, kan eg sende i Posten. Lett som berre det!

Lett og lett, Fru Blom!
Jantelova regjerer "Du må ikkje tru du er noko..."osv...for det er ikkje lett å skal synast i bildet
Eg får seie so han sa ein nordlending..."No er eg over 50 år, og gjer som eg vil..."...og Antijantelova "Eg er noko! Eg kan! Eg er flink!" osv...
Eg øver meg <3

Hesjastrenglar i fri dressur...
På ein av dei første dagane i prosjekt "Adventsmarknad", la eg ut ein video av Hesjastrenglane...
...og fekk denne fiiiine kommentaren;
"Hesjastrengar er og har vore mykje viktigare en det vi er klar over, i mange generasjonar. Både til nytte og glede....og forargelse, til døme om hersjastrengen ryk, eller hersjastrengbundten sle knute på seg .ja, mange knutar !! Akkurat slik som i liva våre. Trur vi alle treng ei Solfrid eller Henny, ein hesjastreng-engel som kan hjelpe oss å løyse knutane:) Sjå lyst på livet. Klæm frå mæ"

Eg vart både glad og rørt over desse orda, for Hesjastrengelen har si eiga historie...om du vil lese;


Hesjastrengelen "Sofia" har rosa alpakkakjole...


Eg skal på ein julemarknad 2. helga i desember ( 10.12.) 
- på sjølvaste 


Eg var der i fjor også, den første Julemarknaden dei hadde. Det vart so populært, at dei fortset i år også... Eg likte meg so godt der ute, blant dyr og herlege folk <3
Ta deg ein tur, då vel ;) 

Der skal eg altså stille meg ut - med alle mine storsjal og andre produkt...

Storsjal i 18 ulike fargar :)

...nokre kort


Frøkensjal...

Knallrosa Frøkensjal

...og litt til <3


Frå arbeidsromet mitt ønskjer eg deg

God helg <3

og ein kjempegode klem til den som treng, eller rett og slett berre vil ha...

2 kommentarer:

  1. Så koseleg då Ane!
    No er eg ikkje på Face og nesten ikkje på blogg heller.
    Men godt å sjå at du er på plass :-)
    Lukke til både med Adventsmarknad og Julemesse!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Den lukkeønskinga var den beste eg har fått ❤️ Tusen takk 🙏

      Slett