mandag 16. januar 2017

Nyttårskonserten 2017 på Sjøborg

Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikk ( HDU) og ULF


To janitsjarkorps i Ulstein kommune, som etter 17. året har slått seg saman til eitt janitsjarkorps
 - og held 
Sjå omtale i Vikebladet her!

Eg er så heldig, som har fått vore med dei to siste åra...etter ei pause frå spelinga i over 20 år. Eg var med som klarinettist i HDU frå eg var vaksa nok til å spele i vaksenkorps, men andre ting kom til i livet, som gjorde at eg slutta å spele... Klarinetten har eg hatt heile tida, men det har vore lite ( les; ingen) speling dei siste 20 åra, før eg tok opp att spelinga... Eg kjente at eg sakna å spele...ikkje naudsynlegvis i korps, men det å musisere... Helst ville eg spele i symfoniorkester... Så eg starta forsiktig opp for godt og vel to år sidan som 3. klarinettist i HDU, og har sidan då, øvd trutt på musikkstykka me har fått utdelt til ei kvar tid. 

Gaelforce

O mio babbino caro


Etter over 50 klokketimar med fellesøvingar i dei to korpsa, + alle timane med heimeøving, var det endeleg konsert...

Laurdag 14. januar kl 16.00 og kl 19.00 var so og seie alle sete fyllte med stemningsfulle publikummarar i storstova Sjøborg



Ein av tilhøyrarane filma, og la ut på Youtube...om du vil høyre...


Eg kjenner meg såååå uendeleg takksam som har fått vore med på dette, også... Det er stort å få musisere, og sjølvsagt utruleg flott å få vere med på noko så flott :)
Det blir nok lenge til eg legg frå meg klarinetten for godt, håpar eg <3

Ha ei fin veke <3 klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar