lørdag 25. februar 2017

Slektsgransking

Slekta skal digitaliserast!
Det er så mangt ein finn i "tølene" sine...so også ein perm med slektspapir. Det hadde seg slik at eg tok eit slektsgranskingskurs tidleg på 1990 talet, og gjorde ein stor jobb med å finne tilbake til røtene, både for mannen mine sine forfedre og mine eigne... 

Saka var den at eg ville oppdatere til dagens levande, slik at borna mine skulle få sjå( og kanskje få interesse for slektsgransking) dei som er deira slekt... Det vart ein suksess, no når eg leita fram igjen permen( frå svunne tider :) 
Jentene mine hjalp meg, og laga eit tabellsystem( liknande det eg hadde i permane), og vipps hadde dei to i fellesskap fått inn fleire sider. 
Kjappingane!


Det er so nauta kjekt å halde på med...at både bøker og strikk, bunad og andre kjekke ting, har vorte lagt til sides... Dette er den store nye hobbyen min :)

Eg klarar ikkje gjere alt åleine, sidan slektsbøkene ikkje er oppdaterte til ei kvar tid... So då tok eg kontakt med mine- og mannen sine slektningar, for å få dei siste oppdateringane... Eg kopierte det eg hadde i eit dokument, og sendte dei på epost... Slik får dei jobbe med stoffet i ro og mak... Ingen tidspress!

Alle er sooo positive, og vil så gjerne ta del i dette. Eg har allereie fått tilbakemelding frå mange, og som har komt inn i systemet mitt :) Heilt til slutt, skal alle som har teke del, og som vil- få heile slekta si... Eg tenkjer det må lagast oppdateringar i tida framover, så kanskje ein skulle hatt ein "terminal" for oppdateringar?

Her er systemet eg synest fungerer...om du vert inspirert, så bruk!


Tippoldeforeldra mine
+
Fødsels- og dødsdato

+ at eg har funne tilbake til forfedrene
( nokre heilt tilbake til 1634 J
Oldeforeldra mine
+
Alle søskena deira
+
Deira born osv
+
Fødsels- og dødsdato
Besteforeldra mine
+
Alle søskena deira
+
Deira born
osv
+
Fødsels- og dødsdato
Foreldra mine
+
Alle søskena deira
+
Deira born
osv
+
Fødsels- og døds
dato
Eg/
Mannen min
+
Fødsels
Dato
+
Søskena mine/
ektefelle
+
Fødsels
dato
Borna
mine
+
Fødsels
dato
Borne
borna mine
+
Fødsels
dato











































Det finst så utruleg mange slektsprogram der ute, og det kan vere vanskeleg å finne det som er rett for seg... Ein har t.d. MyHeritage, noko eg starta på, men likte eigentleg ikkje denne metoden...
Er det nokon som har andre måtar å gjere det på?

God helg! 
ANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar