tirsdag 2. oktober 2018

Kajakktur

Oktober månad starta med eit nydeleg ver <3

Botnavikja låg blikkstille då eg køyrde heim frå eit jobboppdrag, og freistnaden vart for stor...

Padletur frå naustet i Botnen - 

Botnavikja i stilleståande sjø<3



 Her rundar eg Kvalneset. Ein kobb følgde spent med på ferda...


Det er ikje ofte det er så blikk stille midtfjords...



Her passerer eg Vedøya, og ser Dragsund og brua i det fjerne...







Midt mellom Vedøya og Dragsund, mot Røyrasundet og Kriksholmane... Der er også veldig fint å padle ;)



 Dragsund brua



Den gamle fabrikken på Hestholmen.


 Utuleg vakkert <3 Tenk om ein hadde hatt nokre pengar til overs, kjøpt og renovert... Eg har mange idear på kva ein skulle bruke dette til ;)





Kjeldsund <3 Her ligg vakre Kjeldsund Leirstad på høgre side...


 Ein gul stol og ei rotvelte - på ein liten holme :)
Skal tru kven som har denne utsikta?
 Korleis har den vakre stolen komt seg dit?


 Innimellom små holmar og skjer fann eg denne bergveggen... 


Dette treet klamrar seg innover...vil ikkje dette/ falle i sjøen :)


Midt mellom Herøy og Ulstein kommune,- midt i leida mellom Bakarholmen og Håheim - der ligg vakre Haddal - ei lita bygd mellom dei to høgste fjella på øya <3 og der bur eg :)

  
...og tenk då å få kome heim, fyre i bålpanna og koke kaffi på bål...LUKKE <3



Dette var ein motteten stol...som vart til eit lite bord til kaffekoppen...

...og slik kan ein ha det <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar