lørdag 19. januar 2019

Laurdagsunderhaldning på TV

Forrige laurdag var eg på nyttårskonsert, ein strålande kveld med søskenmiddag etterpå.

I kveld vart eg sitjande å sjå på NRK 1 - 
"Alle mot ein", og var aktiv med å gjette. Veldig underhaldande og kjekt...
...for det er vel det underhaldning skal vere?

Neste program var "Den ultimate agent"
 - og vart vel eigentleg sitjande å følgje med, medan eg strikka på ei hue...

Tanken min...
MÅ ALT VERE SÅ POMPØST?

Så skulle "Magnus" snart starte. Eg vil ikkje sjå det... Programreklamene for det programmet har vore nok, for å seie det slik... Nrk skal ikkje få rekne med mitt sjåartal på det programmet... 
Eg var snar til å skifte kanal...

...og over til TV 2 - Skavlan 
Der sat unge Greta Thunberg og fortalde om engasjementet sitt.
Eg vart rett og slett så imponert <3

Ho er 16 år, og allereie ein kjend miljøaktivist
Ho har allereie utretta store ting :)

Greta Thunberg

Ho tek tog, streikar, syklar dit ho skal, dyrkar mat, slutta å ta fly, saman med foreldra sine - og har fått mor si til å jobbe med musikalar i Stokholm
(tidlegare reiste ho rundt om i verda som profesjonell operasongar - med fly)

Så slo tanken min inn...
Kvifor må fjernsynsunderhaldninga skje med så mykje pomp og prakt, langt heimanfrå( jfr Den ultimate agent, Mesternes Mester, Seks ledd på 6 dagar( eller noko slikt) og med endå fleire program eg ikkje hugsar namnet på...), og alt skal skje med fly og farting...som er ei fare for miljøet...og skal koste så forferdeleg dyrt...

Det enkle er ofte det beste...

Hoppe av hamsterhjulet, som ho Greta sa... Utruleg klok jente <3

God kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar