torsdag 2. mai 2019

Kunstuttrykk

Eg rotfyllte ei tann i dag tidleg, og låg ein heil time med open kjeft i tannlegestolen. 
...
Tannlegen og assistenten brukte så mange rare og totalt framande ord, medan dei samarbeidde om den gjenstridige tanna ( ...for den har vore rotfyllt før - 11 år sidan ).
...
Eg fekk ein idè!
...
Då timen var over, og eg kunne bruke kjeften på ein skikkeleg måte, fortalde eg litt av ideen min...
...
"Samle ord og uttrykk frå tannlegesenteret, og bruke det i eit kunstprosjekt".
...
Dei to + dei andre på tannlegesenteret vil samle ord og uttrykk til meg, og me avtalte at eg kjem attende for å hente lista i midten av månaden...
So får me sjå om dei held det dei lovar ;)
...
Eg drog direkte til jobb, og der kverna ideen litt lenger...
...
og slik vart det altså til
...
Eg fekk lyst til å spørje på facebook og på Instagram om folk kunne tenkje seg å hjelpe til...og spørsmålet gjeld for deg som les dette også ;)
...

HEISANN ;)
Eg treng hjelp frå DEG :) 
Kva driv du på med, av hobby/yrke?
Skriv ei privatmelding til meg, der du beskriv hobbyen/yrket ditt, - med alle slags ord og uttrykk du berre kan kome på...
Pssst! Ingen namn blir brukt ;)
Eg skal bruke dette i eit KUNSTUTTRYKK :) :) :)
Blir du med?

Klem frå fruANE <3

Bildet vart lagt ut på Instagram @anitanese

Musikar
intro
vers
tekst&melodi
bridge
copyright
komponist
musisere
taktstrek
g-nøkkel
f-nøkkel
dur
moll
repetisjonsteikn
osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv osv

Av omsyn til sjølve kunstuttrykket, kan eg ikkje dele meir i denne omgang ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar